Hopp til innhold

Paven til Jerusalem

Visste du at Jerusalem er ein heilag by for både jødar, muslimar og kristne? Pave Benedict den sekstande vitjar Jerusalem til veka på si pilegrimsferd gjennom det heilage landet.

Jerusalem
Foto: NRK

HØR: Under samme himmel 09.05.09

Namnet Jerusalem, har ei magnetisk tiltrekningskraft på menneske over heile verda. Jerusalem er ein heilag by for dei tre store verdsreligionane; Jødedom, kristendom og Islam. På vandring i Jerusalems gamleby kan du på same tid høyre utrop fra minaretar, høglytt bøn av ortodokse jødar ved Klagemuren, medan kyrkjeklokkene inviterer til kristen gudsteneste nokre steinkast unna. Besøkjande ser muslimar med bønelenker, ortodokse jødar med store svarte hattar, lange frakkar, skjegg og hårlokkar, - og prestar frå ortodokse kyrkjesamfunn med korset hengande på bringa. Og oppi alt: Turistar frå heile verda. Mange tilreisande har lenge drøymt om å få oppleve den heilage byen på nært hald.

Jerusalem er ikkje berre ein heilag by, - det er også ein konfliktfylt by. Ein viktig årsak til den noverande konflikten er at både israelarar og palestinarar gjer krav på Jerusalem som sin hovudstad. Israelarane utpeika Jerusalem til sin hovudstad i 1950. Medan PLO, Hamas og palestinarar flest ønskjer at byen skal være hovudsete i ein sjølvstendig palestinsk stat. I tillegg møtest jødisk og muslimsk religion så og seie på same geografiske plass; nemleg på Haram Al-Sharif i arabisk talemål, eller Tempelhøgda som jødane kallar det.

Jerusalems historie

Det var Kong David som gjorde Jerusalem til sin hovudstad omkring år 900 f.kr, i følgje den jødiske tradisjonen. Med Kong David vart Jerusalem både eit administrativt og religiøst sentrum for Israel. David gav ordre om å frakte ”paktkista” – Paktens ark - til Jerusalem. (2. Sam 6.15). Dette var ei svært viktig handling, ettersom Paktens ark var eit religiøst samlingspunkt for dei jødiske stammane i Israel.

Sonen til Kong David, - Salomo, fekk bygd det første tempelet på Moriahøgden (Sionsberget), på same plassen som Abraham i si tid skulle ofre sonen sin Isak til Gud, i følgje Bibelen. Inne i det første tempelet vart paktkista- Paktens ark – plassert i eit eige avlukke. Paktens ark – eit skrin av gull - inneheldt dei to tavlene med Guds ti bod. Så heilag var Paktens ark for jødane at ypperstepresten berre kunne gå inn i ”det aller heilagste” romet ein gong i året, - for å bringe offer til Gud.

Det første tempelet vart plyndra og øydelagt i år 587 f.Kr. av babylonske krigarar. Jerusalem vart lagt i ruinar, og mange jødar tvungne i eksil til Babylonia. I år 515 før Kristus stod det andre tempelet ferdig i Jerusalem. I åra før hadde stadig fleire jødar vendt tilbake frå eksilet i Babylonia. I følgje religiøse tekstar skal det andre tempelet ha sett nokså fattigsleg ut samanlikna med det første (Hag 2,3 Esra 3,12). Først i åra nærare Kristi fødsel utvida Kong Herodes tempelområdet og sørgja for ei utsmykning som gjorde tempelet til eit berømt bygg i oldtida. Dette tempelet stod heilt fram til år 70. e.kr., då romarane la Jerusalem i grus etter eit jødisk opprør. Berre vestveggen av tempelet vart ståande att; Vestmuren. Dette var starten på ”diasporaen” – nesten to tusen i år i landsflyktigheit for det jødiske folket.

Denne historia lever i beste velgåande blant jødar i dag. Forteljingar frå Jerusalems stordomstid før Kristus blir brukte for å grunngje kvifor den israelske staten har rett til å eksistere i dag. ”Les Toraen - vi var her først – vi er Guds utvalde folk, og har rett til å vende tilbake,” seier mange jødar i dag. Dessutan er dei religiøse tekstane i Tora’en ramme alvor for truande, ortodokse jødar i dag. I følgje Toraen skal ein Konge av Davis ætt – Messias – stå fram i nettopp Davids by. Jødane ventar framleis på Messias, som skal føre med seg ein tilstand av fred i verda. Når den messianske æraen blir innleia, skal heile menneskeheita møtast nettopp i Jerusalem. Difor er byen også verdas sentrum for jødane, eller ”jordas navle” som byen blir kalla.

Den jødiske Vestmuren

Etter krigen i 1948, som førte til danninga av staten Israel, vart jødane avskoren frå å be ved Vestmuren. Årsaka var at heile Gamlebyen i Jerusalem kom under jordansk herredømme. Den heilage byen vart delt i to; Vest-Jerusalem for israelarar, og Aust-Jerusalem for palestinarar under jordansk styre. Mandelbaum-porten vart einaste kryssningspunkt mellom aust og vest. I følgje våpenkvileavtalen mellom dei stridande partane skulle jødar få tilgang til Vestmuren, men Jordan nekta å følgje opp dette vedtaket.

For den nye staten Israel var det viktig å styrke stillinga si i den delte byen. Jerusalem vart gjort til den nye hovudstaden i Israel, ikkje Tel-Aviv eller Haifa. Nasjonalforsamlinga Knesset vart flytta til byen, og i 1949 uttalte den sekulære statsminister Ben-Gurion seg i religiøse termar: ”Det jødiske Jerusalem er en organisk og uadskillelig del av staten Israel på samme måte som byen er en uadskillelig del av Israels historie, Israelsk tro og vårt folks sjel. Jerusalem er et hjerteanliggende for staten Israel”.

Kor viktig Jerusalem var som symbolstad for jødane kom tydeleg til uttrykk under Seksdagarskrigen i 1967. Under kamphandlingane tok israelske soldatar tilbake Gamlebyen og resten av Aust-Jerusalem. I boka ”Jerusalem – tro, religion, politikk” fortel forfattaren Karen Amrstrong korleis soldatane sprang gjennom gatene for å nå fram til Vestmuren fortast råd. Snart stod 700 soldatar samla foran den heilage plassen, - verdslege israelske soldatar og offiserar heldt rundt kvarandre, grein åpenlyst og kyssa muren. Den sekulariserte generalen Moshe Dayan kunngjorde for soldatane: ”Vi er vendt hjem til våre helligste steder, og forlater dem aldri mer.

Forfatteren Karen Armstrong skriv: ”Muren var ikke bare et historisk minnesmerke, men et symbol, som berørte kjernen i hver eneste jødiske soldats identite. Det var umulig for jøder å se objektivt på saken, fordi de ved muren hadde møtt sin jødiske sjel.” Jødane var endeleg komne heim; Fortid, notid, og framtid vart eitt.

Med erobringa av Vestmuren vart Jerusalem som religiøst symbol, - ein del av det felles minnet til jødar over heile Israel. Erobringa av Jerusalem gav jødane ei kjensle av kontinuitet med fortida, og vart såleis viktig i den pågåande nasjonsbyggingsprossessen for den jødiske staten Israel. Ja, Vestmuren og Tempelberget vart vel så viktige narrativ for jødane, (inkludert dei sekulære) som Bar Kokhba-revolten, Masada og slaget om Tel Hai.

Erobringa av Gamlebyen og Aust-Jerusalem var også byrjinga på ei religiøs oppblomstring i Israel. I 1973 vart partiet Gush Emunim (Dei truandes blokk) danna. Partiet meinte at Yom-Kippur-krigen, som kom som eit overraskande angrep på Israel, hadde vore Guds straff. Gush Emunim hevda at den sekulære sionismen no var død og at Gud ville ha ein religiøs sionisme basert på Toraen. I 1993 vart den konservative Ehud Olmert ny borgarmeister i Jerusalem, med støtte frå ultraortodokse parti. Dei er mest opptekne av å gjere Jerusalem til ein lovlydig by i jødisk, religiøs forstand. Å dele makt med palestinarane vil vere å øydelegge for Messias sitt kome, å sette stengsler i vegen for oppfyllinga av profetiane i Toraen. I dag utgjer dei ultraortodokse omlag 30 prosent av Jerusalems. Makta deira gjer seg gjeldande langt inn i nasjonalforsamlinga Knesset. I 1990 vann det ultraortodokse partiet Shash 17 av 120 plassar i Knesset (Pappe 2006: 280). Fleire høgreorienterte politikarar, som t.d. Ariel Sharon, har fått regjeringsmakt med støtte frå ultraortodokse parti.

Den religiøse oppblomstringa i Israel gjorde også at det etterkvart vart meir akseptert å snakke om jødars rett til å be oppe på Haram Al-Sharif. I 1983 ville Rabbi Israel Ariel tvinge muslimane til å gi jødane lov til å bygge ei synagoge på Haram Al-Sharif. Rabbien og tilhengjarane hans vart stoppa av israelske styresmakter. Men nokre ekstremistar var viljuge til å gå meir aggressivt til verks. I 1984 vart det avslørt at ein ortodoks jøde planla å sprenge Klippeheilagdomen i stykker, for på det viset å framskynde Messias sitt kome til jorda.

Jerusalem – som religiøst symbol for muslimane

Al Quds blir Jerusalem kalla for blant muslimar. På arabisk betyr ordet ”heilagdomen”. Etter Mekka og Medina er Jerusalem den viktigaste heilage staden i verda for muslimar. Under dei første åra av Muhammeds styre var bøneretninga for muslimar vend mot Jerusalem, før den vart endra mot Mekka. I følgje Koranen skal profeten Muhammed ha gjort ei nattleg reise med ein kvit kamel frå Mekka til Jerusalem. Der skal han ha møtt Abraham, Moses og Jesus i ei gruppe med profetar. Frå Tempelberget skal profeten ha stege opp til Guds sju himlar.. Her fekk Muhammed også eit blikk ned i helvete av engelen Malik.

Med andre ord: Muhammeds nattlege himmelfart frå Jerusalem er svært viktig for truande muslimar. Etter den nattlege oppstigninga vart det evige liv - himmel og helvete – stadfesta av sjølvaste Guds sendebod: Profeten. I folketrua er det mange muslimar som meiner at profeten fysisk drog opp til himmelen, medan andre – t.d. Muhammeds yndlingshustru Aishah – hevda at det var snakk om ei åndeleg reise. I dag ligg Klippeheilagdomen på same stad som Muhammeds himmelfart skal ha skjedd ifrå, (og på same stad som dei to jødiske templa tidlegare stod). Inne i heilagdomen er det ei fordjuping som muslimane reknar som Muhammeds fotavtrykk.

Når pilegrimar rører ved dette avtrykket, overfører dei velsigning til seg sjølve, i følgje tradisjonen. (Aarflot 1996: 85) Dessutan: I muslimsk tradisjon er ingen stader på jorda nærare himmelen enn Klippeheilagdommen. Difor blir folk åtvara mot å sjå opp fordi du kan misse vitet hvis du ser rett inn i himmelen. Ettersom Klippeheilagdomen er så nær himmelen blir Jerusalem også eit viktig religiøst symbol for muslimane.

Nattreisa til Muhammed skapte også eit viktig bindeledd mellom Mekka og Jerusalem, eit bindeledd som skal kome til syne i dei siste tider, i følgje tradisjonen. Ved historias slutt skal dei siste store blodige slaga stå i Palestina. Og Mahdi (Messias) og Jesus kjem til jorda for å be saman i Al Quds, som blir det siste åndelege sentrum i verda. Og på Dommens dag skal sammenstimlinga (mahshar) av alle verdas folk skje i nettopp Jerusalem. Det betyr at også Mekkas heilage status bli overført til Jerusalem for muslimane i dei siste tider.

Muslimske styrkar inntok Jerusalem i 638 e.Kr. Kalif Omar ga ordre om å reise ein moske på Tempelberget, men denne moskeen må ikkje forvekslast med Klippeheilagdomen, som stod ferdig i år 691. e.Kr. (Aarflot 1996: 85). Tempelberget fekk namnet Haram Al-Sharif. I år 701 e. Kr. stod Al-Aqsa-moskeen ferdig, - ein moske som blir omtala som Islams tredje største heilagdom.

Jerusalem som symbol for muslimar på 18- og 1900-talet

Desse heilagdomane symboliserer i dag nesten 1300 års muslimsk styre over Al Quds, berre avbroten av korsfarartida, og sidan det britiske og israelske styret etter 1917. Under det britiske mandatstyret fekk eit muslimsk råd halde fram med å ha overherredømet over dei heilage stadane i Haram al-Sharif i Gamlebyen. Akkurat slik Status-Quo-avtalen for religiøse stader frå 1852 la opp til. Det var også eigne domstolar for muslimar i Jerusalem, og borgarmeisteren i byen var muslim. Den heilage byen vart også eit sentrum for ein gryande palestinsk nasjonalisme, som vaks fram i møte med den sionistiske settlarrørsla. Stor-muftien av Jerusalem etter 1921, Haj-Amin Al-Husseini vart ein talsmann for palestinarane si sak. Han vart utpeika som leiar av eit muslimsk råd, som kontrollerte religiøse domstolar, eigedomar, og andre islamske institusjonar, både i Jerusalem og elles i Palestina. Haj-Amins religiøse autoritet kobla med palestinsk nasjonalisme gjorde han til ein mektig leiar i 1920 og -30-åra. Stor-muftien hevda mellom anna at sionistane drøymde om å gjenreise det jødiske tempelet på Haram al-Sharif, noko som vart tilbakevist av sionistiske leiarar.

Nettopp Haram Al-Sharif var utgangspunktet for ein muslimsk oppreist i Jerusalem i august 1929. Etter fredagsbøna den 16. august gjekk nokre av tilhengjerane til Stor-mufti Al-Husseini inn på jødisk område ved Vestmuren. Britisk politi klarte å demme opp for direkte samanstøytar mellom palestinarar og jødar, men om lag ei veke seinare kom fleire hundre palestinske bønder til Jerusalem, væpna med knivar og stokkar. Denne gongen kom det til direkte samanstøytar mellom partane. 130 jødar vart drepne under uroa, medan britisk politi tok livet av 110 arabarar.

Den palestinske oppstanden i åra 1939-39 gjekk også hardt utover den heilage byen Jerusalem. Palestinsk frustrasjon over aukande jødisk immigrasjon til det lova landet førte til generalstreik og massedemonstrasjonar. I mai 1936 marsjerte om lag 2000 demonstrantar gjennom Gamlebyen i Jerusalem, og dermed gjekk startskotet for eit palestinsk opprør som varte i tre år. Denne oppreisten førte også til at Jerusalem mista si rolle som sentrum for den palestinske motstanden mot sionismen. Årsaka var at stor-mufti Haj-Amin al-Husseini vart landsforvist av britane i 1937. Under sitt eksil øydela Al-Husseini mykje for den palestinske saka ved å alliere seg med Hitler. Etter krigen i 1948 havna store delar av Palestina på jødiske hender. Jerusalem vart delt og til saman 750 000 menneske i Palestina flykta frå heimane sine, i følgje FN. Palestinarane kallar hendingane i 1948 for Al-Nakhba: Katastrofen.

”Al Nakhba nummer 2” kom i 1967, då heile Al Quds (Jerusalem) kom på israelske hender etter Seksdagarskrigen. Dette var ei katastrofe for palestinarane fordi Jerusalem er ein heilag by også for dei. Israelske styresmakter skjønte at heilagdomane i Jerusalem var ei religiøs kruttønne. Den 17. Juni 1967 ga general Moshe Dayan melding om at muslimane framleis skulle ha overoppsynet med Haram Al-Sharif. Jødar fekk samstundes forbod mot å be oppe på Haram Al-Sharif
Uro, som dette, gjorde at israelske styresmakter ga etter for muslimske krav om å gjenopprette den Muslimske høgsteretten i Jerusalem. Israelske styresmakter måtte også akseptere ein jordansk læreplan i palestinske skular i Aust-Jerusalem, ein læreplan som tok omsyn til palestinsk språk, historie og nasjonale håp. Med Seksdagarskrigen i 1967 vart Jerusalem eit symbol for palestinsk nasjonalisme og religiøsitet: ”Al Quds er palestinarane sin hovudstad, det er ein heilag stad for oss.”, har PLO-leiar Yassir Arafat uttalt mange gongar.

Det kom også tydeleg til uttrykk i fredsforhandlingar som enda med Osloavtalen mellom palestinarar og israelarar i 1993. Der vart spørsmålet om Jerusalems framtid utsett til mai 1996. Båe partar inngjekk ein stilltiande aksept om å vente med dei vanskelegaste spørsmåla til slutt i forhandlingane: Jerusalem, framtida til dei palestinske flytkningane, israelske busetjingar på Vestbreidda og i Gaza og den endelege grensedraginga mellom ein palestinsk stat og Israel. I år 2000 kom det endelege nådestøtet for fredsprossessen som var skapt gjennom Oslo-avtalen. Dette skuldast m.a. palestinsk frustrasjon over at Israel Under Camp-David-forhandlingane sa nei til delt suverenitet over Jerusalem, - som hovudstad for israelarar og palestinarar (Pappe 2006:274). Israels regjering tilbaud i staden Abu Dis som palestinsk hovudstad, like utanfor bygrensa til Aust-Jerusalem. Dåverande statsminister Ehud Barak ønskte at Gamlebyen skulle være under israelsk suverenitet. Men Haram Al-Sharif skulle være under muslimsk-palestinsk kontroll på ein dag-til dag-basis, og med eit palestinsk flagg vaiande over området. Til gjengjeld skulle jødar få be oppe på Haram Al-Sharif (Tempelhøgda). Dette forhandlingstilbodet kunne PLO ikkje akseptere.

Etter samanbrotet i forhandlingane i 2000 braut den andre palestinske intifadaen (opprøret) ut. Den direkte årsaka var at dåverande opposisjonsleiar Ariel Sharon besøkte Haram-Al Sharif, også kalla for Tempelhøgda. Sharon hevda at han som jøde hadde like stor rett til å være der som muslimar. Dette var audmjukande for mange palestinarar, som allereie var frustrerte over fiaskoen i Camp-David-forhandlingane. I samanstøytane som fulgte vart 13 palestinarar drepne av israelske soldatar (Etter desse dødsfalla tok den palestinske motstanden ei ny og meir valdeleg vending. Gjennom den andre intifadaen vart sjølvmords-aksjonar stadig meir vanleg. Den palestinske motstandskampen vart for ein periode også meir sameina enn før. Trass ulike ideologiske mål danna palestinske grupper – frå islamistar til kommunistar - ein felles front mot Israel. I samband med den andre intifadaen fekk også islamistiske grupper som Hamas for alvor vind i segla Dette kan også sjåast på som ein reaksjon mot høgredreininga i israelsk politikk.

Programleiar Kjetil Lillesæter har vitja Jerusalem i forkant av Pavens besøk. Du kan bli med den svenske teologen og omvisaren Kjell Jonasson til dei heilage jødiske og muslimske stadane i Jerusalem.

Under samme himmel, NRK P1, lørdag 9. mai kl 07.35