Hopp til innhold

Jon Fosse på Paris-operaen

Operasjefen i Paris, Gérard Mortier, har satsa stort på operaen Melancholia av dramatikaren Jon Fosse og komponisten Georg Friedrich Haas.

Jon Fosse med den franske ordenen Ordre national du mérite i 2003

Jon Fosse

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Høyr historia om korleis den norske målaren Lars Hertervig dermed fekk ei hovudrolle, på operaen i Paris.

Teksten til Melancholia-operaen er Jon Fosses første operalibretto.

- For meg er allereie alle stykka til Fosse som librettoar, fordi han liker togna, stillheita. Og stillheita er rommet for musikken, seier Gérard Mortier.

Programmet er ein rapport frå urframføringa i Paris i juni. Fredag har operaen Noregs-premiere i Sandnes kulturhus. I oktober blir han sett opp i operaen i Bjørvika i Oslo, og i februar til neste år i Grieghallen i Bergen.

Musikk i brennpunktet i NRK P2

  • onsdag 10. september kl. 21.03

Programleiar: Bodil Johanne Jensen