Radikalisering
Fleire nye og radikale rørsler har vekse fram som ein konsekvens av det dei meiner er dårleg behandling av dyr. Eksempel på slike rørsler er Hedmark Animal Liberation Army League (HALAL), Æ Drømme Om At Dyr Og Menneske Kainn Leve I Sammen (ÆDOADOMKLIS), og Die Nationalsozialistische Norwegishe Animalpartei (NSNAP eller populært kalla Schnappi).
Dagros, talsku for NSNAP. (Foto: Scanpix)
-Vi skal kjempe for rettane til alle husdyr, seier ”Dagros” og ”Flekka”, talerøyr for NSNAP, til Alltid Moro. Dei er lei av det dei kallar barbarisk slaveri.
-Behandla som dyr
Rørsla Animal Human Rights har den seinaste tida vore kritiske til Bonde- og småbrukarlaget sitt fokus på å verne bonden sin psykiske helse i staden for å verne om husdyra si helse.
-Det er vi som er offera her, seier Flekka til Alltid Moro. Å gjere overgriparen til offer er etter vår meining å snu det heile på hovudet. Det eksisterar ikkje tilbod om krisehjelp for misshandla husdyr. Den krisehjelpa vi får er som oftast avretting på staden eller å bli sende til slakteri. Vi vert behandla som dyr!
Manglar krisehjelp
AHL peiker på at det ikkje eksisterar tilbod om krisehjelp for fengsla husdyr. -Kvar er rettane våre? Kven ser til vår velferd? Vi har korkje krisesenter eller telefon. Eigarane våre tillet ikkje at vi held telefon sjølv, utalar ei fortvilt Flekka. AHL og andre rørsler prøver å gå rettens veg for å verne om rettane sine. Blant anna har saka vore prøvd for domstolen i Haag, men blitt avvist på grunn av manglande menneskerettar for dyr.
I staden for å finne seg i dei kritiske tilstandane har NSNAP og andre liknande organisasjonar tatt bruk av ulovlege verkemiddel. Kyr og geiter nektar å mjølke medan dyr til kjøttproduksjon har byrja slanke seg. Gardbrukarane på si side reagerer med å sende dyra til slakt.
Lovar revolusjon
Marxist- leninistiske og fascistiske rørsler har i den seinaste tida vekse fram og står sterkt blant husdyr nord i landet. Dei lovar revolusjon dersom styresmaktene ikkje klarar å stagge misshandlingane. Husdyr organiserar seg og brukar George Orwell si bok ”Animal Farm” som førebilete: -Vi lovar væpna revolusjon om ting ikkje betrast, uttalar Dagros på vegne av NSNAP.
Væpna milits
Rykta om ein væpna milits av rømde husdyr ynskjer korkje Dagros eller Flekka å kommentere. Men Bonde- og småbrukarlaget ser med stort alvor på dei hyppege våpentjuveria og hærverk på gardsbruk i Finnmark. – Vi registrerar ein auka aktivitet nord i landet, kan PST stadfeste, men ynskjer ikkje å kommentere dette ytterlegare.
- Vi veit alle kva som skjedde med Mr. Jones på Manor Farm, seier ein bekymra talsmann for Norsk Bonde- og Småbrukarlag og trugar med mottiltak om ikkje noko vert gjort for å tryggja bøndene.