Hopp til innhold

Hjelmeland eitt år i sjefsstolen

- Eg skal lage folkeleg teater, sa Bjarte Hjelmeland då han tiltrådde som sjef for Den Nationale Scene - og hausta kritikk.

Bjarte Hjelmeland i 2007

Bjarte Hjelmeland i 2007.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Om repertoarvalet hans skriv Bergens Tidende at det må finnast eit alternativ til Egner og Astrid Lindgren når det skal spelast barneteater, dette sm kommentar til at framsyninga Kardemomme by blir sett opp året etter Dyrene i Hakkebakkeskogen.

Folkeleg teater

Dersom folkeleg teater er det same som teater med låg kvalitet, blir det feil, forklarer Bjarte Hjelmeland til Scenerom. Riktig forstått er det teater som angår mange. - Vi skal vere både breie og folkelege og meir spesifikke og utfordrande også.

Hjelmeland presiserer at kritikk er bra, for det skaper debatt, og det er viktig at debatten er der heile tida. Det første året i sjefsstolen har vore utruleg arbeidskrevjande, fortel han, men det har gitt resultat i form av publikumsrekord ved institusjonsteatret i ein by med stor konkurranse om publikummet.

Høyr heile intervjuet med Bjarte Hjelmeland i Scenerom, og høyr også om ein ballett om det som omgir oss akkurat no: våt snø, tørr snø, hard snø, mjuk snø.

Kva gjer produsenten?

Elles spør Scenerom denne veka om kva ein produsent gjer innan scenekunstfeltet. Det er beintøft arbeid, som få held ut med i lengda, får vi vite. Den nyskipa foreininga for teaterprodusentar har som mål å skape betre kunst.

Scenerom startar også ein serie som set det dagsaktuelle i perspektiv, ein serie om norsk teater dei siste hundre åra. Kva slags teater kunne folk oppleve i 1909? blir det spurt i det første programmet.

Scenerom i NRK P2

  • tysdag 24. februar kl. 15.03 og
  • søndag 1. mars kl. 16.03

Programleiar: Shaun Henrik Matheson