Hopp til innhold

Ein annan veg

So vart det ikkje slik eg håpte og trudde, det vart ikkje slik eg ville.

Norsk veg
Foto: Piotr Małecki

Det blei ikkje slik eg håpte og trudde
Det blei ikkje slik eg ville
det skulle bli
Livet tok ein annan veg rundt
det eg veit var best for
deg og meg

Gledene i livet har vore mange her og
Store og djupe og gode
Det er ikkje slik eg ville vore dei forutan
Det er ikkje slik dei kunne ha skjedd i lag med deg
Det er berre det at i alt eg gjer
I alt eg opplever
I alt eg ser
Sig der ein melankoli innover hjarte
Kvar er du
Eg elskar deg

Respekt for det som kunne ha vore
Gjer trøyst
Når det kjenns som verst
Ein edel draum - ein fantasi
Et skodespel eg lagar sjølv
Enkle ord er ikkje nok
Til å forklare det eg tenker
om deg
Det sit i hjartet – det sit i sjela
Det sit i kroppen – i heile meg

So vart det ikkje slik eg håpte og trudde
Det vart ikkje slik eg ville
det skulle bli
Livet tok ein annan veg rundt
det eg veit var best for
deg og meg

Eg såra deg då eg let vere å kome
Eg såra deg djupt
Det er mi sorg
Eit smerteleg sinne har sett seg i deg
Som eg veit at mi sorg kunne lækje
La oss i respekt for det som kunne vore
Vente å sjå
På kva som kan bli
Ingen veit kvar haren hoppar
Ingen andre
Og ikkje vi

Vår kjærleik er ein treklang
i lag med sorg og sinne
Eg trudde tida
Skulle døyve dei store kjenslene
Der tok eg feil
For både deg og for meg
Vi høyrer til kvarande
Du og eg

Svevende ørn

Dette postkortet har en anonym avsender.