Mandag 29. april 1963 trykte VG denne overskrifta:
«Donald Ducker opp igjen på Deichman»
Firkanta språk
Rabalderet starta knapt to veker tidlegare, då Donald Duck & Co nr. 16 kom i salg.
I historia 'Eggemysteriet' møter Donald eit isolert folkeslag i Andesfjella som snakkar Vossamål!
Midt i den heite, norske språkstriden valde omsetjar Vivi Aagaard å fylle firkantfolket sine snakkebobler med ein underleg, gammalmodig nynorskvariant.
Den underlege nynorsken i 'Eggemysteriet' skapte voldsom debatt våren 1963. Faksimile, Aftenposten 24. april 1963.
Foto: Faksimile, Aftenposten 24. april 1963Debatten rasa i norske aviser. Historia om språkstriden nådde til og med lesarar i Danmark og England.
Nynorskbrukarar landet rundt tok det som ein provokasjon.
Kva tenkte Vivi Aagaard sjølv?
Me har leita i NRK sitt arkiv, og i
søndag les me Donald Duck med 60-talsbriller på.Du finn oss òg på
, på og som .Kva skjer med byråkratspråket?
- Byråkratspråket skal vekk!
Ragnhild Simenstad vaskar språk i Utenriksdepartementet.
Foto: Gøril Grov SørdalDette krigsropet høyrer me kjem titt og ofte frå både fornyingsminister og språkråd, men får det byråkratane til å skjelve i buksene?
- Intimidering, diaspora, benchmarks, indikasjon, totaliteten og overforsvømmelse!
Kommunikasjonsrådgjevar Ragnhild Simenstad les frå ei fy-liste med ord ho har høyrt eller lest i Utenriksdepartementet.
Her skal alle tekstar innom kommunikasjonsavdelinga for språkvask før dei når utviklingsminister Erik Solheim sine nettsider og pressemeldingar.
Bli med på språkvask i P2, søndag 9.30, eller mandag 23.30.
Ragnhild Simenstad samlar inn ord ho helst ikkje vil sjå igjen i UD.
Foto: Gøril Grov Sørdal