Hopp til innhold

Møte gjennom livet

I Sånn er livet denne påskeveka er Åshild Ulstrup, tidlegare programskapar i NRK, igjen tilbake for å fylgja born og vaksne vidare gjennom ulike periodar i livet.

Generasjoner
Foto: www.colourbox.com

Besteveninnene

Venninner

Besteveninner

Foto: Martin Kierstein

Denise og Celina er på veg til sin første skuledag, snart sju år gamle. Dei er besteveninner og deler alt.

Denise og Celina går nå mot 25 år, og korleis har livet arta seg for jentene undervegs – som 11-, 18- og nå som 24-åringar? Er dei framleis hjartevener, og vart livet til nå som dei tenkte?

Høyr i Sånn er livet onsdag 8. april kl. 10.03

Mammas guttebassar

Hans Petter, Karl Erik og Jarl Kenneth var fødd i same gata, same året og var bestevener. Då Åshild Ulstrup møtte dei første gong, var dei 13 år gamle og hadde oppdaga at jenter var spennande.

19 år gamle bur dei framleis heime, som 30-åringar kjenner dei seg nesten vaksne – og nå som 43-åringar meiner dei alle tre at livet har bydd på det meste.

Sånn er livet skjærtorsdag 9. april kl. 10.03

Tre vårar og ein vinter i ein vaksen manns liv

Mann som fisker

Ettertanke på skogstur

Foto: Colourbox

Egil Sterud hadde nettopp pensjonert seg og hadde overtatt mora sin vesle leilighet då Åshild Ulstrup møtte han første gongen. Sterud inviterte til ein tur i skogen, der vårblomane inspirerte til både draum og dikt. Og spørsmålet han stile seg nå, var kva Gud ville med livet hans vidare.


Det har gått 13 år. Korleis vart livet for mannen som kalla seg den einsame ulv? Som tittelen røpar vart det nye vårar som baud på meir enn blomar – men også ein vinter 2009.

Sånn er livet langfredag 10. april kl. 10.03

Dr. Emils farvel


Det er travelt på kontoret til doktor Emil Moe. Det er siste dagen i hans 52-årige legepraksis. Pasientane græt og ber om sine siste pillar mens legen kjenner på vemodet, men ser også fram til å vera frikar. Slik starta Åshild Ulstrups første møte med denne frodige og originale legen på Stord.

Eitt år går, tre år, fem år og ti år. Korleis vart det med fridomen i desse periodane? Etter 17 år er Åshild Ulstrup tilbake. Legen er borte nå, men historiene etter Dr. Emil lever i kvar manns munn på Stord.

Sånn er livet 2. påskedag den 13. april kl. 10.03

Mer fra Sånn er livet