Hopp til innhold

Arthur Klæbo 100 år

"Det gråaste, våtaste og kaldaste eg veit, er den sollause, regndrukne og blåsande vinterdagen på vestkysten. Det er kvardagen personleg i skoddegrå dongeri med surkling og svakking under skitne, myrblaute gummistøvlar, iskalde, uredde stover, skaldrande klessnorer, sprikjande, nakne tre som kavar i vinden med beinstive greiner og knakande kvist..."

Arthur Klæbo - radiokåsøren

Arthur Klæbo - radiokåsøren

Foto: NRK

Ingen kan på same måten som Arthur Klæbo måle landskap og menneskesjeler fletta saman så du i ein augneblink får eit sylskarpt innblikk i ein barndom og ei heil livshistorie, samtidig som sjølve augneblinken blir ståande og brenne seg fast så du får smake på han og få med deg heile opplevinga i all sin gru eller all si glede. Eitt ord er sjeldan nok, men kvart ord er eit tydeleg penselstrok som føyer seg til dei andre for å byggje opp eit sterkt og klart bilde.

Ein av dei store i radiohistoria

Arthur Klæbo er eitt av dei store namna i norsk radiohistorie. Den 6. august ville han ha fylt 100 år. Mange hugsar han som radiokåsør, hallomann og nyheitsopplesar.

Arthur Klæbo vart fødd i 1908 i Ålesund og voks opp i Volda. Han døydde i 1985. Han begynte i radioen så tidleg som i 1934. Ordkunstnaren Klæbo var meir enn journalist, kåsør og forfattar - han var også bladmann og teiknar.

Dette og meir til kan du høyre om i jubileumsportrettet som Lasse Dyrdal, Asbjørn Gjærde og Harald Nørve har laga om den mangfaldige radiomannen og kunstnarsjela med det frykta temperamentet som skifta brått liksom vinden, regnet og sola kan avløyse kvarandre i den landsdelen han kom frå.

Klæbo ivra for landsdelsstoffet, som han med journalistisk teft henta fram frå grasrota i Bygde-Noreg i seriar som for eksempel På våre kantar, På innsteg og Utanfor allfarveg.

Han mottok i 1965 Melsom-prisen, ein litteraturpris for fremje av nynorsken, og i 1978 fekk han Kringkastingsprisen.

Av dei om lag 30 bøkene han skreiv, finn ein kåserisamlingar og reiseskildringar. Mest kjende er truleg "Farlige fjell" og "Ullstrømper til Afrika". Klæbo har og skrive skodespel.

Arthur Klæbo 100 år

Arthur Klæbo - folkekjær radiokåsør

Arthur Klæbo - radiokåsøren (frå Norgesglasset i P1)

Bibliografi (Wikipedia)

Arthur Klæbo 100 år. Glimt frå eit langt radioliv.

Ved Lasse Dyrdal, Asbjørn Gjærde og Harald Nørve.

  • NRK P2 nyttårsdag kl. 18.03