Hopp til innhold

Årgangsviser frå 1979

"Det bodde visst en drømmer der i tårnet høyt oppe over Håkons gamle borg..."

Erik Byes hyllest til Henrik Wergeland, "Drømmeren i tårnet", innleier Visebølgen denne veka.

Erik Bye under Morten Krogvolds portrett av han

Erik Bye under utstillinga 'Ansikt til ansikt' på Henie Onstad kunstsenter der Morten Krogvold portretterte nokre kjende personar frå samtida.

Foto: Roald Berit / SCANPIX

Det bodde visst en drømmer der i tårnet

høyt oppe over Håkons gamle borg.

Han smidde sine viser der bak muren

og slynget dem mot byens bleke torg.

De sa at folkets gleder var hans glede.

De sa at folkets sorger var hans sorg.

”Drømmeren i tårnet” er Erik Byes hyllest til Henrik Wergeland. Teksten kunne vel også passe på han sjølv, og Erik Bye opnar Visebølgen denne veka.

Bysommer

Eivind Bøksle har sett i gang ein serie med årgangsviser i Visebølgen, og denne gongen er årstalet 1979. Vi skal innom nokre av dei som heldt visebølgja ved like på 1970-talet: Lillebjørn Nilsens ”Bysommer” frå LP-en ”Oslo 3” og Jan Eggums tittelspor frå ”En natt forbi” er eksempel på levedyktige utgivingar.

Göran Fristorp (”Jag var en vandrare”), Leonard Cohen (”Recent songs”), Geirr Lystrup (”I menneskenes land”), Staffan Percy og Bo Zetterlindh (”Solen i Sorrento”) får også plass i dette sparsame utvalet av lydspor frå 1979 – så kjem nok kvinnene sterkare i seinare årgangar.

Visebølgen med årgangsviser frå 1979 presenterte av Eivind Bøksle i NRK P2

  • fredag 16. mai kl. 21.30 og
  • laurdag 17. mai kl. 19.03