Hopp til innhold

Anja Garbarek: mørk lyrikk

Ho liker å ta mørke tekstar og gi dei trøystefulle melodiar. Ho kombinerer gjerne det sukkersøte med det makabre. Anja Garbarek hatar å gjere det ein ventar av henne.

Anja Garbarek
Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

”Briefly Shaking” heiter det fjerde albumet hennar, og det er det mest intrikate og dristige til no, fullt som det er av dei dramatiske kontrastane og dei forbløffande samanstillingane som ho har slik sans for.

Ho er fødd i 1970, er einebarn, og ja, faren er saksofonisten Jan Gabarek. I oppveksten var ho omgitt av musikarar, men lærte ikkje å spele noko instrument sjølv. No samarbeider ho med faren når ho treng ”feit” lyd frå strykarar og saksofonar, og sasmarbeidet er ikkje berre viktig for å skape det lydbildet ho vil ha, men det har lært henne å kjenne Jan Garbarek som person og ikkje berre som far.

Tekstane har mykje å seie for Anja Garbarek. Å lese krimbøker og grøssarar hjelper henne å finne det mørke språket ho treng for å uttrykkje seg.

Noko av det mest slåande ved albumet ”Briefly Shaking” er den måten ho bruker stemma på så ho får karakter av eit instrument som kling mot dei andre instrumenta. Formålet er å måle ”lydbilde i ord”. Ho har ei stemme som har blitt samanlikna med den til Björk. Blant stemmene ho sjølv seier ho har henta inspirasjon frå, er Kate Bush, Laurie Anderson og Billie Holiday.

(Hovudkjelde: Anja Garbareks heimeside)

Anja Garbarek, P2-artisten i veke 31,

måndag 27. til fredag 31. juli kl.13.03 og 19.03 (torsdag kl. 19.00)

Programleiar: Ellen Foss-Sørensen