Hopp til innhold

ISIL har jaga alle kristne ut av Mosul

Det kristne samfunnet i den nordirakiske byen Mosul har ei 2000 år lang historie. No har dei militante islamistane i ISIL jaga alle dei kristne av byen.

Ein kristen familie som har flykta frå Mosul.

Denne familien er ein av mange som har flykta frå Mosul etter truslane frå ISIL.

Foto: SAFIN HAMED / Afp

Mosul ligg på andre sida av elva Tigris frå den historiske byen Nineveh, midt i hjartelandet av det gamle Mesopotamia. Denne delen av Irak har vorte kalla fødestad for sivilisasjonen.

Dei kristne byrja å forlate Mosul då den Al Qaida-tilknytte islamistgruppa ISIL, Islamsk stat i Irak og Levanten, tok kontrollen over byen i juni. ISIL byrja straks å innføre ei svært ytterleggåande tolking av sharia, islamsk lov. Seinare har dei skifta namn til berre Islamsk stat, men terroren mot dei som tenkjer annleis enn dei er den same.

Frist til klokka 12

Flyktningar frå Mosul.

Denne kvinna er ei av mange som har flykta frå Mosul dei siste dagane. Her deltok ho i ei gudsteneste i Qaraqush.

Foto: SAFIN HAMED / Afp

Dei attverande kristne fekk ein frist til klokka 12 laurdag med å forlate byen. Meldinga var klar: Konverter til islam, eller så vil sverdet tale. No er det truleg ikkje kristne igjen i byen.

Ein katolsk biskop frå Mosul seier til nyheitsbyrået Reuters at 150 kristne familiar har forlate byen dei siste dagane. Kyrkjeleiarar har råda dei få familiane som ville bli igjen for å forhandle med ISIL, om også å reise frå byen.

Biskopen ser på flukta frå Mosul som eit historisk tap.

– Vi har budd i denne byen og hatt ein sivilisasjon i fleire tusen år. Så kjem det med eitt framande og jagar oss frå heimane våre, seier ei 60 år gammal kvinne. Ho venta heilt til fredag med å flykte. Ho reiste til den hovudsakleg kristne byen Hamdamiya, ein by som blir kontrollert av kurdiske tryggingsstyrkar.

LES OGSÅ: – 270 drept på gassfelt i Syria

LES OGSÅ: Amerikansk UD: Terrorsiktet nordmann (35) er i Jemen

Miste alt dei eigde

Mange av dei som flykta vart rana av væpna menn for alt dei hadde med seg då dei reiste frå Mosul. ISIL hadde gitt ordre om at dei skulle alt sitt jordiske gods bli verande att i husa dei flykta frå, og mange av flyktningane opplevde å misse alt dei eigde.

Kristne flyktningar frå Mosul deltek i ei gudsteneste.

Kristne kvinner frå Mosul deltek på ei gudsteneste i Qaraqush, 30 km frå Mosul.

Foto: SAFIN HAMED / Afp

– ISIL stanse slektningane mine ved ein kontrollpost då dei flykta, og dei vart fråstole alt dei hadde med seg, til og med mobiltelefonane, seier ein kristen mann til Reuters. Han torer ikkje stå fram med namn.

– Det einaste dei hadde igjen var kleda dei gjekk i, seier ein annan.

Andre innbyggjarar fortel at ISIL varsla ultimatumet til dei kristne via høgtalarane ved moskeane. Dei fortel at islamistane måla ein N for Nasrani på husa til dei kristne. Nasrani betyr kristen.

LES OGSÅ: Står på samme liste som Joseph Kony og Boko Haram-lederen

LES OGSÅ: Norske kurdere klar til å delta i krig i Irak

– Ein katastrofe

Nabil Khashat flytta frå Mosul til nabobyen Arbil for mange år sidan.

– Det er ein katastrofe. Eg trur ikkje det er mogleg med ein verre lagnad enn det, seier han om ultimatumet ISIL gav til dei attverande kristne i byen.

ISIL, som er ei ekstrem konservativ sunni-gruppering, har også jaga andre religiøse minoritetar ut av Mosul. Det er blant andre Shabak og Turkmen, som er sjiamuslimske. Det same gjeld folkegruppa Yazidis, ei etnisk kurdisk gruppe som praktiserer ein variant av Zarathustra-trua.

LES OGSÅ: Djevelens stedfortreder på jord

LES OGSÅ: Nusrafronten overlater syriske byer til ISIL

Frå ei gudsteneste i Qaraqush i Irak.

Mange av flyktningane frå Mosul har samla seg i byen Qaraqush 30 kilometer unna. Her frå ei gudsteneste.

Foto: SAFIN HAMED / Afp

Den USA-baserte menneskerettsorganisasjonen Human Rights Watch opplyste laurdag at ISIL har drive ei massiv terrorisering av religiøse minoritetar i og rundt Mosul dei siste vekene.

Ein blanda by

ISIL har blant anna innteke ei syrisk ortodoks kyrkje og fjerna ein statue av jomfru Maria frå ei anna kyrkje. 29. juni bortførte dei to nonner og tre foreldrelause born og heldt dei fanga i to veker.

Angrepa på kristne i Mosul starta alt i 2003, men det gjekk aldri så langt at dei vart trua til å flytte.

Før ISIL og deira støttespelarar tok kontrollen over Mosul i juni var Mosul, som er største byen i det nordlege Irak, ein av dei mest blanda i landet. Her har kristne budd saman med sjia- og sunnimuslimar opp gjennom åra.

Kristendomen og islam møtest i denne byen. Profeten Joshua, som er kjend frå både Bibelen og Koranen, er gravlagd i byen. Det er bygd ein moske over grava hans.

ISIL ser på denne moskeen som kjettersk og bygningen står i fare for å bli jamna med jorda.

Nonner på besøk hos flyktningfamilie.

To nonner på vitjing hos ein familie frå Mosul som har flykta til nabobyen Qaraqush.

Foto: SAFIN HAMED / Afp

LES OGSÅ: Slik vil ISIL vinne propagandakrigen

SISTE NYTT

Siste nytt