Hopp til innhold

– Situasjonen på Filippinane er desperat

– Situasjonen i dei verst ramma områda er desperat. Ein del stader er 90 prosent av bygningane øydelagde, og det hastar med å få inn naudhjelp, seier koordinator Alexander Golding i hjelpeorganisasjonen Caritas.

Innslag med Alexander Golding i Caritas.

VIDEO: – Situasjonen er desperat i Filippinane

Caritas er alt tungt inne med hjelpeprosjekt i Filippinane, men no hastar det med å få inn naudhjelp.

– Det er vanskeleg å få oversikt for situasjonen. Kommunikasjonsnettet er nede, og det er vanskeleg å få ut korrekt informasjon. Vi veit at ein del stader er 90 prosent av bygningane øydelagde og folk er på desperat jakt etter mat og vatn. Dette er noko av det verste vi har sett, seier Alexander Golding.

– Like ille som Haiti

Caritas-medarbeidaren samanliknar omfanget av katastrofen i Filippinane med det store jordskjelvet på Haiti for nokre år sidan. Kommunikasjonane er nede, vegar og bruer er øydelagde.

Dagsrevyen-innslag fra Filippinene.

Menneskene er desperate

– Det er eit enormt behov for hjelp. Dette er eitt av dei mest verutsette landa i verda, men omfanget av denne katastrofen er langt større enn landet har føresetnad for å hanskast med, seier Golding i eit intervju med NRK Dagsrevyen.

På spørsmål om han trur talet på omkomne kan stige utover dei 12.000 som er meldt hittil, svarar han at det er vanskeleg å seie noko om. Situasjonen er foruoversiktleg.

LES OGSÅ: Noreg sender kommunikasjonsutstyr til katastrofeområdet

LES OGSÅ: Agnes' søsken var i bibelgruppas bønner

– Mobilisere lokale krefter

Det er likevel lyspunkt. Golding har fått signal om at det blir arbeidd på spreng for å rydde vegar og å reparere telenettet. Det gir håp om at det snart skal bli mogleg å få inn naudhjelpa.

Sak fra Dagsrevyen

VIDEO: Sender bistand til Filippinene

Det viktigaste no er å få hjelpa ut til dei som treng det, og å mobilisere lokale krefter i hjelpearbeidet, seier han.

Alexander Golding har i dag vore i kontakt med filippinarar her i landet, og han kan fortelje om menneske som er fortvila fordi dei ikkje kjem i kontakt med familien i heimlandet.

LES OGSÅ: Tsunami-ødeleggelser etter tyfonen Haiyan

LES OGSÅ: Kurt har ikke fått livstegn fra datteren og kona

Grasrotorganisasjon

– Desse menneska treng medmenneskeleg støtte og hjelp, seier han.

Golding karakteriserer Caritas som ein grasrotorganisasjon. Dei er på plass i Filippinane og dei vil vere der også etter at hjelpearbeidet er over. Det viktigaste langsiktige arbeidet er å gjere landet i stand til å takle slike katastrofar.

Også dei andre humanitære organisasjonane i Noreg har starta arbeidet med å få fram hjelp til dei som er ramma av naturkatastrofen i Filippinane.

LES OGSÅ: Mistet kontakten med kona på Filippinene

LES OGSÅ: – Ble så lykkelig da hun endelig ringte meg

SISTE NYTT

Siste nytt