Hopp til innhold

- Russland har ikkje bede oss setje fri OSSE-observatørane

Leiaren for separatistane som har teke 13 OSSE-observatørar til fange i det austlege Ukraina, seier at Russland ikkje har vore i kontakt for å få dei til å setje fri delegasjonen.

Separatistar har teke kontroll over offentlege bygningar i det austlege Ukraina.

Separatistar har teke kontroll over offentlege bygningar fleire stader i det austlege Ukraina. Her frå byen Luhansk.

Foto: VASILY FEDOSENKO / Reuters

Separatistleiaren Viasiljev Ponomarjov i byen Slavjansk sa til journalistar i byen i dag at Russland ikkje har bede om at observatørane blir sette fri. Russlands representant til OSSE bad tidlegare i dag dei russiskvenlege separatistane om å setje fri observatørane .

Viasljev Ponomarijov er leiar for separatistane i Slavjansk.

Opprørsleiaren Viasiljev Ponomarjov i Slavjansk seier han kan setje OSSE-observatørane fri i byte mot fengsla separatistar.

Foto: GLEB GARANICH / Reuters

Separatistleiaren gjentok skuldingane om at OSSE-observatørane, der blant andre ein svenske og ein danske er med, er spionar, og han seier at dei har utført «etterretningsoperasjonar på vårt territorium».

- Får medisinen han treng

Separatistleiaren Viasiljev Ponomarjov sa også at ein av observatørane dei har i si varetekt har diabetes, men at tilstanden hans ikkje er alvorleg. Han får den medisinen han treng, sa han blant anna.

Leiaren for separatistane, som har teke kontroll over Slavjansk og fleire andre byar i det austlege Ukraina, gjentok også at dei er viljuge til å setje OSSE-observatørane fri i byte med fengsla separatistar.

Tysklands utanriksminister Frank-Walter Steinmeier har i ettermiddag snakka med sin russiske kollega Sergej Lavrov, og ifølgje Steinmeier lovde Steinmeier å hjelpe til med å få sett OSSE-observatørane fri.

Lavrov og Kerry på telefonen

Sergej Lavrov snakka også med sin amerikanske kollega John Kerry i dag, og ifølgje russisk UD bad han om hjelp til å få sett fri fengsla leiarar av «protestrørsla» i det søraustlege Ukraina. Han ber også USA presse Ukraina til å stanse militæraksjonen sin i området.

John Kerry sa ifølgje ein amerikansk tenestemann at USA er sterkt uroa over det han kalla provokative russiske tropperørsler nær grensa til Ukraina. Han uttrykte også uro for russisk støtte til separatistane i den austlege delen av landet, pluss at han kravde russisk hjelp til å få sett fri OSSE-observatørane som blir haldne fanga i Slavjansk.

Ei kjelde i den tyske regjeringa seier at eit forhandlingslag frå OSSE er på veg til Slavjansk-regionen for å forhandle med separatistane. Observatørgruppa som er tekne til fanga består av tre tyske militære, ein tysk tolk og militære observatørar frå Tsjekkia, Polen, Sverige og Danmark.

I tillegg er det fem ukrainarar med i gruppa, som vart tekne av separatistane i går .

ww

VIDEO: OSSE-observatørar framleis i fangenskap.

LES OGSÅ: Amerikansk politikere åpner for våpen-hjelp til Ukraina

LES OGSÅ: Etterforsker krigsforbrytelser i Ukraina

Krenking av luftrom

Samstundes skuldar Ukrainas statsminister Arsenij Jatsenjuk Russland for å hisse til krig, og at russiske jagarfly natt til laurdag krenkte ukrainsk luftrom minst sju gonger. Russiske styresmakter har avvist skuldingane.

– Den einaste grunnen russarane har for å krenkje ukrainsk luftrom på denne måten, er å provosere, og å skulde Ukraina for å gå til krig mot Russland, sa statsministeren under eit besøk i Roma i dag.

Også det amerikanske forsvarsdepartementet seier at russiske fly fleire gonger fredag og laurdag har floge in i ukrainsk luftrom.

– Russiske luftovervakingssystem har ikkje registrert krenkingar av luftromsgrensene mot Russlands naboland, inkludert Ukraina, heiter det i ei pressemelding frå Kreml.

ww

VIDEO: Ukrainas statsminister ber Russland stanse provokasjonane.

LES OGSÅ: Russland har innledet en ny stor militærøvelse ved den ukrainske grensen

SISTE NYTT

Siste nytt