For første gong på lenge var det to lag frå vår nest øvste divisjon som møttes i cupfinalen.
Lyn såg fram mot sitt første cupgull sidan 1968, Molde mot sitt første nokonsinne.
"Rævva-fotball"
Cupen var uansett litt "rar" den sesongen, ettersom tre av fire semifinalistar var frå 1. divisjon. Lyn slo Moss i semifinalen. Molde stod for ein langt større bragd med 2-1 og 2-2 (semifinalene gjekk over to kampar den gongen) over seriemeister Rosenborg. Det var der Nils Arne Eggen skulda Molde for "rævva-fotball".
Det begynte med to stygge keepertabbar. Moldes Morten Bakke stod for den første og største: Han skulle ta imot ein håplaus ball ute ved 16-meterstreken, men let den lause og våte ballen skli forbi. Det gav Jo Tessem open veg til mål, og 1-0 til Lyn.
Ny tabbe
To minutt seinare var det Lyns Ståle Oldeide sin tur: Han skulle plukke ned eit enkelt innlegg, men mista ballen rett ned framfor Tarje Nordstrand Jacobsen, som enkelt sette inn 1-1.
Kampen vart aldri velspela, men hadde som alle cupfinaler nerve og spenning.
Også det neste målet smakte av tabbe og telfeldigheit. Oldeide redda skotet frå Ole Bjørn Sundgot, men returen slo i skuldra til Sundgot og spratt i mål. 2-1 etter ein omgang som gledde Molde-tilhengarane, men ikkje så veldig mange andre.
Og til Molde-tilhengarane si endå større glede stod det 3-1 etter berre fem minutt - denne gongen ei scoring av klasse. Arild Stavrum lurte to Lyn-forsvararar og sprang frå den tredje, før han sette ballen i mål mellom Oldeides bein.
Nytt liv i kampen
Jan Derek Sørensen brukte berre ti minutt på å blåse liv i kampen igjen, denne gongen etter ein forsvarsfeil. Med 3-2 var kampen igjen open, og Lyn tok kommandoen.
Likevel kom dei aldri nærmare. Arild Stavrum avslutta ei kontring med å sette ballen i tverrliggaren. For Lyn rann overtaket ut i ei rad hjørnespark.
Molde kunne juble for sitt første cupgull nokonsinne, etter tapte cupfinaler i 1982 og 1989.