17-årig helt då Molde knuste veslebror
17 år og match-helt: Sander Svendsen scora to mot Aalesund
Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpixMolde knuste Aalesund i fylkeskampen i Møre og Romsdal. 5-1 vart det søndag, og
. Han scora både det første og det tredje målet – det er dobbelt så mange som han scora i fjor. Molde utklassa fylkesnaboen frå A til Å i denne kampen, og Aalesund har 11 baklengsmål på dei tre første kampane.Odd åleine på toppen
Odd sussar vidare og er åleine på toppen etter 4-2 over Bodø/Glimt. Glimt er like aleine på botnen
Foto: Bjørn Erik Rygg Lunde / NRKOdd innleia sesongen med siger i Molde, og etter tre rundar er Dag-Eilev Fagermos mannskap det einaste laget med full pott. Søndag blei det 4-2 over Glimt på Aspmyra, sjølv med fire faste ute av laget. Men 41 år gamle Frode Johnsen var med, og han kom på scoringslista igjen. Odd reiste tydeleg nordover for å satse offensivt.
, slo Fagermo fast. I botnen er Glimt like aleine, og er einaste laget utan poeng.Sandefjords friske start
Lars Bohinen jublar etter Sandefjords andre siger. Bohinens nederlagsdømde lag har sikra seg seks poeng på tre kampar
Foto: Teigen, Trond Reidar / NTB scanpixLars Bohinens Sandefjord var massivt nedrykkstippa før sesongen, men har vunne to av tre kampar så langt. Mot Sarpsborg var dei klart best, litt hjelpt av Sarpsborgs raude kort tidleg i andre omgang.
Kneskaden som kan øydelegge heile sesongen
Stygg sak: Mjøndalens Vamouti Diomande er truleg ute for resten av sesongen etter å ha fått øydelagd kneskåla i ei takling
Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpixMjøndalen er framleis utan tap, men gleda over 1-1 mot Start var blanda med ein kraftig dose malurt: Vamouti Diomandes kneskade var vond å sjå på. Klubbprofilen braut kneskåla tvert av. Kampen måtte stoppast i åtte-ni minutt medan den uheldige spelaren fekk behandling, og det gjorde vondt å sjå tv-bileta frå hendinga.
, seier Mjøndalens trenar Vegard Hansen.Godset avslørte Rosenborg
Rutine: Peter Kovacs har utlikna til 1-1 for Godset på Lerkendal, og Rosenborg er nede på jorda igjen etter 11-0 på to kampar
Foto: Alley, Ned / NTB scanpixRosenborg var fulle av sjølvtillit med 11-0 på to kampar. Men Strømsgodset kom til Lerkendal og fekk trønderane brutalt ned på jorda igjen. Godset pressa i lange periodar Rosenborg bakover, og RBKs tidlege leiarmål var også klart offside. Godsets veteran Peter Kovacs lurte RBK-forsvaret på ein rutinert måte og sikra 1-1– Vi kom for å stilne publikum, og det greidde vi, sa Godset trenar David Nielsen. Nesten 20.000 på tribunene likte neppe det dei såg.
Brown-dobbel
Kan bli ein hit: Deshorn Brown score to på eitt minutt for Vålerenga mot Haugesund
Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpixVålerengas jamaicanske erstattar for Vidar Ørn Kjartansson fekk det ikkje til i dei første kampane, men denne gongen viste han kva vi kan vente.
og er med i toppkampen. – Eg var vel ikkje helten i dag, men eg håpar å bli det, sa han beskjedent etter kampen.