– Det er fare for heile sesongen, seier Mjøndalen-trenar Vegard Hansen til NRK laurdag kveld etter å besøkt Vamouti Diomande på sjukehuset.
Uhellet skjedde eit kvarter etter pause. Diomande landa stygt etter ei takling og vrei kneet kraftig.
– Det dreier seg om eit brot kneskåla. Den er brekt tvers av. Så det blir operasjon i natt eller i morgon, seier Hansen.
Trenaren er sjølvsagt veldig trist over at ein av dei store profilane risikerer å miste heile sesongen.
– Det er forferdeleg trist, men det er jo verst for Diomande sjølv. Det var forferdeleg smertefullt og han er svært lei seg over å kanskje miste heile sesongen. Eg håper han kjem seg fort, seier trenaren.
Det skal ikkje vere fare for karrieren.
– Nei, det skal vere ein grei operasjon. Så det går nok bra, avsluttar Hansen.
Stygg skade: Vamouti Diamonde øydela kneet og må belage seg på ein lang pause frå fotballen
Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpixSigeren rauk i sluttminutta
Mjøndalen var nær ved å slå Start, men fekk utlikningsmål mot seg i sluttminutta.
Det nyopprykka og nederlagsdømde Buskerud-laget har dermed fem poeng på tre kampar.
– Vi er godt nøgde vi. Vi er glade for kvart einaste poeng vi får i eliteserien, sa Mjøndalens kaptein Joachim Solberg Olsen til CMore, trass i at sigeren glapp i sluttminutta.
Leiararmålet kom etter to minutt i andre omgang. Vamouti Diomande vart felt av Alex de John, og Erik Midtgarden tok straffesparket.
Det redda Håkon Opdal greitt, men måtte gje retur, og Mads Gundersen var raskt frampå og sette den i mål.
– Vi spela ikkje godt
Men tre minutt før ordinær tid ute, og med Mjøndalen som det førande laget spelemessig, utlikna Start.
Kristoffer Ajer sende eit frispark inn i feltet, og Matthia Vilhjalmsson var først på ballen og sklei den i mål.
– Det kjennest bra, men vi spela ikkje bra i andre omgang. Vi er ikkje heolt fornøgd, sa Start-kaptein Gudmundur Kristjánsson.
Start hadde største sjansen i første omgang. Fem minutt før pausen sette Ole Martin Rindarøy eit frispark i stolpen.
Keeper Ivar Andreas Forn knalla hovudet i stolpen då han kasta seg etter ballen, og måtte få behandling. Det tok tre minutt før han kunne reise seg å halde fram kampen.
Omgangen var prega av tette duellar og mykje kraft, men få opne målsjansar, og med Start som det førande laget.
Spelet opna seg meir etter pause, og heimelaget var friskast og med dei største sjansane. Og etter utlikninga – det var lagt til ni minutt på grunn av Diomandes skade – hadde heimelaget fleire store sjansar.
Men Start hadde den største. På ei kontring ut av ingenting trilla Robert Sandnes ballen forbi keeper Vorn og i stolpen medan buret var heilt tomt.