– Ikkje rør cupfinalen. Kva ville hausten vore utan cupfinale? spør den tidlegare NRK-kommentatoren.
Det nederlandske konsulentselskapet
, har føreslått fleire endringar. Mellom anna å spele cupfinalen i mai.Tom Høgli og Martin Linnes er samd med Scheie, men Alexander Tettey er meir open for å flytte finalen.
– Cupfinalen er den viktigaste kampen i norsk klubbfotball, og det er eit festleg punktum for sesongen. Dette er ein tradisjon som har vart i meir enn 110 år, og det er ein grunn til det, seier Scheie.
Mai-finale i Sverige
I Sverige har dei dei to siste åra spela finalen i mai. Der tek cupen til med to rundar om hausten, så er det gruppespel i mars året etter, som oppkøyring til seriestarten. Deretter går sluttspelet i cupen fram til finalen i mai.
I 2011 var
spela medan det framleis stod att to rundar i serien. Men det blei med det eine forsøket.Også i åra frå slutten av 40-talet til 1961, då den gamle Hovedserien vart spela som frå hausten til våren med sesongavslutning i juni, gjekk cupfinalen etter at seriekampane var avslutta om hausten.
Gjørmete bane
Banespørsmålet har også vore eit argument. Det er lettare å få gode grasmatter i mai enn i november.
I 2005 var Ullevaal-matta eit gjørmehav då Molde og Lillestrøm spela finale. Kvinnefinalen dagen før fekk mykje av skulda, og det førte til at kvinnefinalen i mange år ikkje fekk gå på norsk fotballs hovudarena.
Heller ikkje i år får kvinnene spele på Ullevaal – dei må til Fornebu.
Likevel er ikkje dette eit godt nok argument for å flytte tidspunktet for cupfinalen, meiner Arne Scheie.
– Sjølv om serien er viktigast, står cupfinalen fjellstøtt i den norske fotballsjela som sesongens høgdepunkt. Det spørs kor lenge det vil vare dersom vi flytter finalen til mai, seier Scheie.
– Høyrer heime i november
Tom Høgli er langt på veg samd.
– Med mindre dei også legg om serien slik at heile sesongen blir avslutta om våren, meiner eg at cupfinalen høyrer heime i november, etter at resten av sesongen er over, seier FC København-spelaren.
Moldes Martin Linnes er ein av dei som skal ut på Ullevaal og spele cupfinalen søndag.
– Eg vil ha finalen der den er no. Det er den siste kampen, og den største kampen. Det er fest for laga som når dit, og eg kan ikkje tenke meg den kampen spela på noko anna tidspunkt i sesongen, seier Linnes.
Han var med på finalesigeren og cupfesten i fjor. Han vil gjerne oppleve det same i år.
– Stressturnering
– Flytter vi finalen til mai, vil det bli ei stressturnering som mister mykje av sjarmen.
– Kva meiner du cupfinalen betyr for norsk fotball?
– Det er soleklart den største enkeltkampen i norsk fotball. Vi spelar for fulle trubuner og mye trøkk på Lerkendal og Brann stadion også, men det er noko heilt spesielt å kome til Ullevaal når det er finale.
– Heile Molde by følgjer med på det som skjer, og mange reiser til Oslo også denne helga. Det er ein stor happening både for fansen og for oss spelarane, seier Martin Linnes.
– OK om vi følgjer Europa
Norwichs Alexander Tettey er ikkje like negativ til å flytte cupfinalen frå seinhaustes til forsommaren.
– Grasmatta på Ullevaal er heilt grei no, så det går fint å spele der. Men det er ikkje så heilt dumt å spele i mai heller. Då nærmar vi oss det cup-oppsettet som Europa har, og det kan vere spennande det også, seier Tettey.