Hopp til innhold

Rungande ja til bompengar i Førde

Fylkestinget velsigna tysdag kveld søknaden om bomstasjonar i Førde.

Røysta for Førdepakken

RØYSTA MOT: Berre Framstegspartiet sine tre representantar røysta i mot.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Dermed har Førdepakken fått sitt siste ja for å kunne gå vidare med bompengeinnkrevjing.

Berre Framstegspartiet sine tre representantar røysta i mot.

– Eg vil gi honnør til alle dei som har jobba for dette gode prosjektet. Både folkevalde og lobbyistar, sa fylkestingsrepresentant, og Eid-ordførar, Alfred Bjørlo (V) under debatten.

– Fekk honnør frå Venstre

Fleirtalet i fylkestinget støtta Førde sine planar om å krevje inn 1 milliard i bompengar for å ruste opp sentrumstrafikken i fylkets største by.

Samstundes forplikta fylkeskommunen seg til å spytte inn 150 millionar kroner, over seks år frå 2018. Kommunen har sett behov for å ruste opp innfartsårene, samt vegar og gang- og sykkelvegar i sentrum .

– Førde skal også ha honnør for å drive langsiktig byplanlegging, sa Bjørlo frå talarstolen.

Tredobla innbyggjartal

Gruppeleiar for Ap, Nils P. Støyva, framheva at politikarane i alle samanhengar snakkar stort om folketalsauke, tilrettelegging for næringsutvikling, sentrumsutvikling og bygging av infrastruktur.

Han viste til at Førde er det største vekstsenteret, og ein av dei viktigaste motorane i Sogn og Fjordane. Dei 4.000 innbyggjarane i 1960 er til no tredobla.

– Ser vi fram til 2030 vil folketalet kome oppi om lag 16.000 dersom SSB sine prognosar slår til, sa Støyva og meinte prosjektet er svært godt gjennomarbeidd.

– Akseptabel pris

Prosjektet inneheld 20 delstrekningar og har i dag ei kostnadsramme på vel 1,5 milliardar kroner.

Dei førebelse prisane for å passere bommen er 20 kroner, men med rabattordningar kjem snittprisen på 17,73 kroner.

– Etter Ap si vurdering er prisen akseptabel. I vedtaket gir fylkestinget ein fylkeskommunal garanti til Førdepakken. Etter mi vurdering tek vi lite risiko med å gje denne garantien, sa Støyva.

Skuffa Djuvik

Frank Willy Djuvik (Frp) skjøna tidleg at det ville gå mot nederlag i avrøystinga, men oppmoda Fylkestinget om å ikkje vere så «overmåte hjarteleg positive» som dei var.

– Dette er ikkje noko spleiselag. Det er innbyggjarane som betaler i alle retningar her. Det er dei som betalar over skattesetelen for å få infrastruktur, det er dei som har betalt vegavgifter og andre bilrelaterte avgifter. Dette er ein kostnad som bilistane og dei som køyrer i Førde må ta, sa han.

Lokalt punktum

Førde-ordførar Olve Grotle og styreleiar Oddvar Flæte i Førdepakken.

PUNKTUM: Førde-ordførar Olve Grotle (H) og styreleiar Oddvar Flæte i Førdepakken.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Søknaden skal no til handsaming på Stortinget.

– Eg er veldig nøgd med at vi etter to år kan setje punktum for den lokale behandlinga, og no blir det å jobbe med dei sentrale styresmaktene. Eg er glad for at vi har ei regjering av fleire parti, og ser fram til at begge parti får bestemt kva dei vil gjere når det blir handsama i departementet, seier styreleiar i Førdepakken, Oddvar Flæte.

Nøgd ordførar

Ordførar Olve Grotle (H) i Førde var ikkje overraska over avrøystinga, men sa seg likevel svært nøgd med dei mange positive kommentarane til prosjektet.

– Eg legg merke til at fylkestinget er opptekne av at Førde skal ha ei god utvikling framover, seier han og lovar å jobbe knallhardt inn mot departementet for å få prosjektet realisert.

(Artikkelen held fram under biletet)

Frank Willy Djuvik (Frp) på talarstolen.

MINDRETAL: Frank Willy Djuvik og Frp klarte ikkje å setje stoppar for Førdepakken på fylkestinget.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Bystyret har gjort to vedtak i saka, medan fem nabokommunar også har støtta opp. No har i tillegg fylkestinget gjeve bompengane tommelen opp.

– Då vil eg gå så langt som å seie at det er eit demokratisk problem, om eitt parti skal vere bremse på dette inne i departementet, held Grotle fram og siktar til Frp.

Første bomfrie fylke

Gruppeleiaren for Frp i fylkestinget, Frank Willy Djuvik, har likevel eit lite halmstrå for å få stogga pombengane i Førde.

– I går var det ein gledas dag. Då fekk vi stadfesta at det er eit etablert fleirtal i stortinget for å sikre at Sogn og Fjordane skal bli det første bomfrie fylke i Norge. Det er ingen som kan seie i Sogn og Fjordane at Frp ikkje har levert som vi lova før valet, sa han frå talarstolen.