Dei siste dagane har det vore aktivitet på facebooksida til Hello Bremanger som tyder på at noko er på gong.
Etter veldig lite aktivitet dei siste månadane, vart det på tysdag lagt ut ein kort bakomvideo med overskrifta «Hello Bremanger - Introductory. Den virkelige nedtellingen har startet».
- LES OGSÅ:
– Kjem snart
Peter Peters, Madcon sin manager, sa til NRK i i fjor at videoen får premiere ein eller annan gong i løpet av sommaren 2013.
– Eg har ikkje fått ein konkret dato, men den kjem snart, seier Björn Myreze, som regisserer videoen.
– Kva er snart?
– Det veit eg dessverre ikkje, men for om lag ei veke sidan fekk eg beskjed om å levera den ferdige filmen.
Videoinnspelinga fekk stor merksemd då den vart spelt inn, og involverte blant anna raude ferrariar, vill vannscooterkøyring og ein luksusbåt i Bremanger.
Kommunen og næringslivet spytta inn nær to millionar kroner i prosjektet. Men snart to år har gått sidan innspelinga, utan at folk har fått sett resultatet.
- LES OGSÅ:
Aktuell med verdsstjerne
Madcon er for tida aktuelle med songen «One Life» med verdsstjerna Kelly Rowland.
Videoar som dette er også årsaka til at videoen frå Bremanger er blitt utsett.
– Det har vore eit spørsmål om rett timing i forhold til andre videoar dei jobbar med, seier Myreze.
Manager, Peter Peters, hadde ingen kommentar til om det nærmar seg ein premieredato eller ikkje, og seier at dei no fokuserer på videoen med Kelly Rowlands.
Satsar internasjonalt - difor det tek tid
– Eg har jo registrert at folk i Bremanger lurer på om den i det heile tatt kjem ut. Det gjer den garantert, seier Myreze.
– Dei satsar også større enn planlagd og satsar no meir internasjonalt enn det som var tenkt i byrjinga. Det er difor me har starta med å lekka litt småfilmar frå produksjonen, seier regissøren.