Hopp til innhold

Spelte inn musikkvideo i Kalvåg i fjor - først neste år får folk sjå den

Først to år etter at Norges dyraste musikkvideo vart spelt inn i Bremanger skal folk få sjå resultatet. – Det er berre positivt, meiner Madcon sin manager.

Madcon

KOSA SEG: Yosef Wolde-Mariam og Tshawe Baqwa var i kjent stil i godt humør då dei spelte inn musikkvideo i Bremanger. Her saman med Svein Arild Vatsø.

Foto: NRK

Den vesle kystkommunen stod på hovudet då dei store stjernene Tshawe Baqwa og Yosef Wolde-Mariam i Madcon spelte inn musikkvideo der i fjor sommar. Men folk som er spente på resultatet må vente endå lenger, det vil nemleg gå eit heilt år til før videoen blir klar, skriv Fjordenes Tidende.

– Dette er berre positivt. Vi gjer det større enn planlagt, seier Madcon sin manager, Peter Peters, til avisa.

Då NRK snakka med Peters tidlegare i sommar var ikkje tidspunktet for lanseringa av videoen klar, og også no er tidspunktet litt usikkert.

– Ein eller annan gang i løpet av sommaren, seier Peters til Fjordenes Tidende om lanseringstidspunktet neste år.

Blir ny for mange, meiner manager

Raske sportsbilar med Madcon-gutane bak rattet i vakker kystnatur skulle bli suksessoppskrifta for musikkvideoen som i fjor sommar var spelt inn i Kalvåg. Mange har sidan då lurt veldig på kor tid folk får sjå resultatet, og no er det altså klart at det dryger eit år til.

Manager Peter Peters er heilt klar på at det ikkje er knytt nokon dramatikk til dette, og seier videoen blir del av ei internasjonal lansering. Singelen «All I Do» var på skiva CONtraband som Madcon gav ut hausten 2010, men Peters seier låta likevel blir ny for mange.

– Sjølv om den er kjend i Norge og Tyskland, er den ny for ein heil haug med land, seier han.

Del av internasjonal lansering

Til Fjordenes Tidende forklarar Peters at det var forseinkingar i etterproduksjonen som var årsaka til at videoen ikkje kom ut med det same.

– Det var mykje film, mange spesialeffektar og alt etterarbeidet gjorde at det blei forseinka, seier manageren til avisa.

Men no ser han positivt på det dette har ført til. Internasjonale kontaktar av duoen er nemleg overbegeistra over videoen til låta «All I Do», difor blir låta no ein del av den internasjonale skiva, forklarar Peters.

(Artikkelen held fram under videoen)

Norges desidert dyraste musikkvideo blir no spelt inn i havgapet i Sogn og Fjordane.
Det er snakk om videoen til den nyaste singelen til Madcon.
Lokale krefter betalar gildet i håp om at dette vil setja gjeldskommunen Bremanger på kartet..

Forstår at folk er utålmodige

Svein Arild Vatsø var initiativtakar for å få dei populære artistane til kommunen. Han har fått mange spørsmål om kva som skjer med videoen og sa til NRK i juni at det var ubehageleg å ikkje vite kor tid den blir lansert.

Peter Peters seier til avisa at han forstår at folk er utålmodige, men meiner det totalt sett er positivt både Madcon og Bremanger at videoen har blitt utsett.

– Vi vil jo at denne videoen skal leve lenge. For oss er det derfor viktigare å få ei god lansering enn å sleppe den berre i Norge og vere ferdig med det, seier han til Fjordenes Tidende.

Også Vatsø har trua på at det til slutt blir bra.

– Videoen er finare og tøffare enn nokosinne, seier han til avisa.