Hopp til innhold

Equinor skal kutte CO₂-utslepp med 200.000 tonn i året

Vindmøller i Nordsjøen skal kutte CO₂-utslepp med meir enn 200.000 tonn i året. No set Equinor fart på prosjektet og har valt stad for base.

Illustrasjon av Hywind Tampen-prosjektet. Dimensjoner og avstander er ikke realistiske.

STORT PROSJEKT: Slik ser Equinor føre seg at vindturbinane blir sjåande ut i Nordsjøen.

Foto: Illustrasjon/Equinor

– Dette kan bli verdas første prosjekt der havvindturbinar blir brukt til å elektrifisere olje- og gassinstallasjonar, seier prosjektdirektør Olav-Bernt Haga i Equinor i ei pressemelding.

Tysdag blei det kjend at energiselskapet har vald Gulen Industrihamn i Sogn og Fjordane som base for montering av dei flytande vindturbinane til Hywind Tampen før dei blir frakta ut til Snorre- og Gullfaksfelta.

– Vi har gjort vurderinga at Wergeland Base tilfredsstiller mange av dei krava vi har, og difor har vi valt dette området, seier Elin Isaksen, pressekontakt i Equinor.

I Sløvåg i Gulen ligg no alt til rette for at området blir ein base for alt arbeidet som må gjerast før det revolusjonerande prosjektet kan setjast i drift.

– Dei ferdigstilte turbinane vil deretter bli taua til feltet der dei blir forankra, kopla opp og sett i drift, opplyser Equinor.

Ventar på svar frå regjeringa

Prosjektet er rekna til om lag 5 milliardar kroner, der Equinor har søkt statlege Enova om 2,5 milliardar i støtte. Utsleppskuttet tilsvarar utsleppa tilsvarande 100.000 personbilar.

Eit ja frå Enova og regjeringa er avgjerande for at prosjektet blir sett i gong, men avtalen med industrihamna i Gulen er eit viktig steg på vegen.

– Vi jobbar med å få ned kostnader og utvikle tekniske løysingar. Ei endeleg investeringsavgjerd vert teken i løpet av året, seier Elin Isaksen.

Dei åtte megawatt store turbinane vil få ein samla kapasitet på 88 megawatt og vil dekkje om lag 35 prosent av det årlege kraftbehovet til dei fem plattformene.

Det er Wergeland som eig og driftar industrihamna og konsernsjef Irene Wergeland, fortel at dei har jobba mykje med å få på plass avtalen med Equinor.

– Vi er både audmjuke og takknemlege for at vi er skal vere base for dette prosjektet, seier Wergeland.

– Dette er fantastisk

Det at basen i Sløvåg no etter alle solemerke blir ein del av den største grøne satsinga i Nordsjøen nokon gong.

– Vi har utvikla og bygd ut basen vår gjennom 30 år. Det å få eit sånt prosjekt vil gje ei stor utteljing på at vi får tatt i bruk området. Det er ein del av den grøne utviklinga og få vere med på dette er fantastisk.

Lars Hellandsjø har vore sentral i oppbygginga av industrimiljøet i Sløvåg, der Hywind Tampen no kan bli realisert. Han er svært glad for at Equinor no har vald dei som base for arbeidet med vindmøllene.

– Det synest vi er heilt supert og det er veldig viktig for heile kommunen, seier Hellandsjø.

Gulen industrihamn

BYGGEOMRÅDE: Gulen Industrihamn i Sløvåg kan bli åstad for monteringa av Equinor sitt revolusjonerande prosjekt.

Foto: Wergeland Base