Hopp til innhold

Desse artistane kjem til NRK JuleLutt i Høyanger

Rundt 40 musikarar skal stå på scena under årets NRK Julelutt i Høyanger. Her kan du sjå heile artistlista.

JuleLutt 2015

KLARE TIL DYST: Prosjektleiar Stian Sjursen Takle i NRK, Wenche Eldegard fabrikksjef ved Høyanger Metallverk, Kari-Anne Aaland i Sparebanken Vest og Stig Kamonen i Oncue som er teknisk arrangør.

Foto: Pressefoto

Julelutt er NRK Sogn og Fjordane sin årlege gallakonsert og tradisjonen tru står ei lang rekkje sterke lokale namn på plakaten.

Thea Hjelmeland på Spellemann 2014

KJEM: The Hjelmeland.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

– Vi har sett saman eit program med fleire og meir varierte artistar enn nokon sinne. Dette blir ein festkveld for musikken frå Sogn og Fjordane. Thea Hjelmeland lovar eit spektakulært avslutningsshow som vi gler oss stort til, seier Stian Sjursen Takle som er NRK sin prosjektleiar.

Markerer 100 år med aluminium

Eva & The Heartmaker

KJEM: Eva & The Heartmaker.

Foto: Hege Bakken Riise / NRK

For å markere at det i år er 100 år sidan industrieventyret starta i Høyanger er konserten lagt midt inne i aluminiumsfabrikken.

For Hydro er dette langt unna det dei eigentleg skal drive med og det vil nok aldri skje fleire gonger. Dei stoppar ein viktig del av produksjonen sin for at det skal vere mogleg å arrangere konserten.

Karl Seglem med bukkehorn og hardingfelespillere Sigrid Moldestad og Håkon Høgemo

KJEM: Karl Seglem.

Foto: Erling Wicklund / NRK

– Det var eigentleg heilt umogleg å få til ein konsert inne på vårt område. Men etter å ha gått gjennom prosjektet har vi likevel funne ut at dette er så spennande at vi berre måtte seie ja, seier Wenche Eldegard som er Hydro sin sjef på Høyanger metallverk.

Line Dybedal Vederhus

KJEM: Line Dybedal Vederhus.

Foto: Jarle H.Moe

– Høyanger si historie er viktig også nasjonalt, og dette skal vi vise gjennom konserten. Her blir det både fantastiske musikarar, spennande historie og ein strålande programleiar, seier Sjursen Takle.

Finn Tokvam skal leie publikum og TV-sjåarar gjennom konserten som skal sendast på TV i jula på NRK1.

Alle må ha hjelm

Finn Tokvam

LEIAR: Journalist og humorist Finn Tokvam leiar gallakonserten.

Foto: Kristian Ervik / NRK

Publikum må ha hjelm på seg og gå gjennom tryggleiksporten på brannstasjonen før dei får kome inn. Tryggleiksreglane gjer også at ein må vere fylt 12 år for å kome inn og det er nulltoleranse for alkohol.

Det er berre plass til 700 personar inne i produksjonshallen, og alt første dagen var over 300 billettar selde.

– Å selje så mange billettar som vi har gjort på kort tid no, utan at folk veit kven som står på scena er heilt spesielt. Men det er også ganske skummelt, for det betyr at folk har ganske stor tillit til at vi kjem til å skape noko spesielt. Men eg er trygg på at vi skal levere ei hending folk kjem til å hugse lenge, seier Sjursen Takle.

I tillegg til musikk og historie blir også Luttprisen til årets artist frå Sogn og Fjordane delt ut. Vinnaren der får kunstdiplom og 25.000 kroner frå Sparebanken Vest.

- Vi i Sparebanken Vest er veldig glade for å vere ein arrangør av NRK JuleLutt. Her får vi vist fram ei stor breidde av det fantastiske musikklivet i Sogn og Fjordane, og håpet er at mange fleire blir inspirert til å satse og gi oss strålande opplevingar i framtida, seier Kari-Anne AAland i Sparebanken Vest.