Arbeidstakarorganisasjonen Spekter bad over 800 toppsjefar sjå på ulike forklaringar om det høge sjukefråværet.
60 prosent svarte at hovudårsaka er sviktande arbeidsmoral.
Administrerande direktør i Spekter, Lars Haukaas, synest dette er ei altfor enkel forklaring.
- Dette er ei altfor dårleg hypotese. Om det berre er denne hypotesen ein jobbar vidare med blir ikkje problemet løyst, seier Lars Haukås.
Situasjonen er verst i varehandel, hotell- og restaurant. Her meiner heile 83 prosent av sjefane at sviktande arbeidsmoral er den viktigaste årsaka til det høge fråværet.
Vibeke Madsen er administrerande direktør i Handels- og servicenæringens hovudorganisasjon HSH. Ho er overraska over at så mange leiarar har dette synet.
- Vi hadde aldri greidd å ha så høg produktivitet over så mange år, om arbeidsmoralen var dårleg. Men vi har ein arbeidsstokk prega av høg utskifting, fordi mange av dei tilsette kombinerer jobben med utdanning, seier ho.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: