Hopp til innhold

Få hjelp med sjølvmeldinga

Fredag klokka 15.00 stiller Gry Nilsen i Skattebetalarforeininga til nettmøte for å hjelpe deg med utfyllinga av sjølvmeldinga.

Selvangivelse
Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Gry Nilsen

Gry Nilsen svarar på spørsmål fredag klokka 15.00.

Foto: Bo Mathisen

30. april er fristen for å levere inn endringar i sjølvmeldinga. Gjer du feil, risikerer du å tape mange pengar.

Fredag frå klokka 15.00 til 16.00 stiller Gry Nilsen i Skattebetalarforeininga til nettmøte på nrk.no for å hjelpe deg med utfyllinga.

Send inn spørsmål allereie no

Få svar på spørsmål om alt frå bustadskatt, lån, pendling, skatteklassar og ikkje minst kva utgifter som kan trekkast frå på skatten.

Frådrags-forvirring

Skattebetalarforeininga understrekar at ein bør setje seg inn i alle frådrag en har rett til. Mange unge slurvar med dette arbeidet, og taper unødvendig tusenvis av kroner.

Det er lett å bli forvirra, og du kan gjere godt butikk på å få Nilsen til å oppklare det du lurar på.

Det finst ei mengde ulike frådrag. Foreldrefrådrag, rentefrådrag på private lån, frådrag i samband med refinansiering av lån, tap på aksjar og særfrådrag på store sjukeutgifter.

Det finst også kuriøse eksempel der glamourmodellar som har fått frådrag for silikonpuppar .

Bustadsal og firmabil

Kjøpte eller kvitta du deg med ein bustad eller ei tomt i fjor, må du setje deg nøye inn i reglane for kjøp og sal.

Nilsen kan klargjere korleis eigedomsskatt blir utrekna.

Har du lang avstand til arbeidet, pendlar, brukar eigen bil i jobben eller har firmabil, må du vite kva dette inneber for skatten din.

Gevinst og tap

Det er viktig å få med alle gevinstar og tap på spareprodukt. Verken aksjar, valuta eller strukturerte produkt er fylt ut i sjølvmeldinga på førehand.

Informasjonen om spareprodukt må du føye til sjølv, og her kan det vere lurt å spørje om råd hos ein ekspert.

Der er lett å gjere feil dersom du ikkje har tilstrekkeleg kunnskap om kva som skal først opp.

Oppgjer til hausten

Sjølv om du har ein enkel sjølvmelding utan endringar, er du ikkje sikra å få skatteoppgjeret i vår. 10 prosent av skattebetalarane får oppgjeret om hausten fordi skattekontoret ikkje rekk å behandle alle i løpet av våren.

Du kan også risikere at skattekontoret vil utføre ein ekstra kontroll av nettopp dine papir. Kvorleis kontrollane blir gjennomført, veit eksperten frå Skattebetalarforeinga meir om.

Både før og etter leveringa av sjølvmeldinga bør du pass godt på skattepapira dine. Dei kan nemleg vere ei gullgruve for identitetstjuvar .

Er du rådvill og ikkje klarar å vente til Nilsen svarar på spørsmåla dine, kan du få gode råd frå I Kveld onsdag 21. april.

Søk i skattelistene