Hopp til innhold

Rekordstor norsk våpeneksport

Noreg eksporterer våpen som aldri før. I fjor vart det eksportert tanks, våpen og ammunisjon til ein verdi av 2,16 milliardar kroner. Det er ein auke på 18 prosent frå 2006.

Leopard 2
Foto: Torbjørn Kjosvold

Eksporten er den største som nokon gong er registrert.

Sjuande største våpeneksportør

Ifylge tal frå FN sin database for utanrikshandel med varer, var Noreg den sjuande største våpenleverandøren i verda i 2006, med 3,5 prosent av eksporten.

USA er den største eksportøren i verda, og sto til samanlikning for 46 prosent av våpeneksporten i verda. I Europa eksporterte Italia, Frankrike og Tyskland noko meir våpen enn Noreg.

Leverer til USA

Meir enn tre fjerdedelar av norsk eksport av militært materiell blir eksportert til land som er medlemmer av Nato. Mesteparten går til USA. Frå 2001 til 2002 vart eksporten av militærutstyr til USA meir enn dobla.

Sidan 2002 auka eksportverdien av våpen til USA frå 304 til 937 millionar kroner i 2007.

I tillegg til USA går mesteparten av våpeneksporten til Tyskland, Polen, Sverige og Finland.