Hopp til innhold

Microsoft kjøper norsk søkjemotorselskap

Den amerikanske datagiganten Microsoft byr 19 kroner aksjen for det norske søkjemotorselskapet Fast.

Bill Gates
Foto: PAUL JOSEPH BROWN / AP

Microsoft byr 19 kroner aksjen for Fast Search & Transfer, ifølgje ei melding til Oslo Børs i formiddag. Det er 42 prosent høgare enn kursen var då børsen stengde 4. januar.

Akepterer bodet

Bodet verdset Fast til 6,6 milliardar kroner. Styret i Fast har samrøystes tilrådd aksjonærane å akseptere bodet. Aksjonærar som eig 37 prosent av aksjane, inkludert Orkla og Hermes Focus Asset Management, har allereie akseptert det.

- Den samla kompetansen og teknologien i dei to selskapa legg til rette for at næringslivet kan få utnytte det store potensialet innanfor bedriftssøk, heiter det i ei pressemelding frå Microsoft. Avtalen kan truleg gjennomførast i andre kvartal i år, ifølgje pressemeldinga.

Nødvendig verktøy

- Bedriftssøk er i ferd med å bli eit nødvendig verktøy for både store og små verksemder, og bidreg til at medarbeidarar kan finne, bruke og dele forretningskritisk informasjon raskt, seier Jeff Raikes, som er leiar for Microsoft Business Division.

- Fram til no har verksemdene vore nøydde til å velje mellom kraftige og avanserte løysingar for bedriftssøk, eller meir vanlege infrastrukturløysingar.

Vil nå fleire

- Kombinasjonen av Microsoft og Fast gjev kundane eit betre tilbod - no vil ein leverandør kunne tilby løysingar som spenner over heile spekteret av ulike behov, seier Raikes.

- Oppkjøpet gjer det mogeleg for Fast å levere den banebrytande søkjeteknologien vår til stadig fleire organisasjonar over heile verda, seier John Lervik, som er administrerande direktør i Fast.

- Gjennom å slutte oss til Microsoft kan vi dra fordel av den drivkrafta som ligger bak SharePoint som produktivitetsplattform, og nå fleire brukarar gjennom det store internasjonale nettverket Microsoft har, seier han.