Hopp til innhold

Byttar til biodiesel

Statoil byttar ut vanleg autodiesel med biodiesel på bensinstasjonane på Austlandet. Dei første pumpene er alt i drift i Hedmark.

Biodiesel helles i trakt
Foto: JESSICA RINALDI / REUTERS

Til sommaren skal alle bensinstasjonane på Austlandet ha biodiesel i pumpene.

Den kan brukast av alle dieselbilar, utan at bilane treng tilpassing.

Statoil sin biodiesel er tilsett fem prosent rapsolje. Når landingsprosenten er så låg, kan alle dieselbilar bruka biodiesel.

- Biodiesel har dei same tekniske eigenskapane som dagens diesel også når det gjeld kuldeeigenskapar, seier Knut Hansen, informasjonssjef i Statoil.

Det betyr at ein kan fylla opp tanken med vanleg diesel på ein bensinstasjon i Rogaland, og så fylla på biodiesel når ein kjem til Austlandet.

Dei første pumpene er i gang i Hedmark. Snart kjem Statoil-stasjonar i Oppland og Buskerud etter, og innan sommaren skal ojeselskapet sine bensinstasjonar på heile Austlandet ha biodiesel på pumpene.

I tillegg kjem eit par stasjonar i Agder. Planane for resten av landet vil ikkje Statoil seia noko om ennå. Oljeselskapet satsar no tungt på biodrivstoff.

- Auka bruk av biodiesel er eit viktig tiltak for å løysa miljøutfordringane i Noreg. Difor er dette eit viktig satsingsområde for Statoil. Vi vil vera pioner og eit føregangsselskap innan biodrivstoff, seier Hansen.

Diesel populært

Nær annankvar bil som vart seld i Oslo i fjor, var ein dieselbil. Etter nyttår blir dei fleste dieselbilar billigare på grunn av regjeringa sin nye modell for utrekning av eingongsavgifta.

I tillegg brukar tungtransporten diesel, og alle truck-stasjonar på Austlandet vert utstyrt med biodieselpumper. Men det er norsk avgiftspolitikk som gjer at Statoil satsar på biodiesel og ikkje biobensin i Noreg.

- Om biobensin skal kunna brukast på vanlege bensinbilar, vert fem prosent av bensinen bytta ut med bioetanol. I dag er det ikkje avgiftslette på slik bensin i Noreg, og det blir for dyrt for den norske marknaden, seier Hansen.

Biobensin i Danmark 

Men i Danmark har Statoil seld biobensin på pumpene sine sidan 30. mai i år, utan avgiftslette.

- Den kostar det same som vanleg bensin, fordi Statoil her har vald å tena litt mindre ved å redusera avansen. Og danskane fyller ivrig biobensin på tanken, seier kommunikasjonskoordinator Marie Junghans i Statoil Danmark.

- Biobensinen har blitt svært godt motteke, kundane meiner det er eit godt initiativ, og dei bensinstasjonane som har bio95 ser at salet har auka, seier Junghans.

I dag er bensinprisen i Danmark om lag ei krone lågare enn i Noreg. Junghans ser at dei kan få eit problem med å subsidiera biobensin dersom bensinprisane skulle bli mykje lågare, men så langt har det ikkje vore noko problem, seier ho.

I Noreg er det i dag ei einaste bensinpumpe med biobensin, på Storo i Oslo, men den kan ikkje nyttast av vanlege bilar. Her er bensinen sett saman av 85 prosent etanol og 15 prosent bensin.

Stor miljøvinst

Bioetanol, som vert nytta i biobensin, er vunnen ut av havre og sukkerrøyr. Sjølv når planting, innhausting og frakt er teke med, er miljørekneskapen bra.

Frå juni til oktober førte bruken av biobensin til at utsleppa av CO2 vart reduserte med ni tusen tonn i Danmark. Ein danske som køyrer 15.000 kilometer i året, sparar miljøet for 150 kilo CO2 ved å ha biobensin på tanken.

- No har biobensin ein marknadsdel på 11 prosent i Danmark. Nøyaktig kor stor miljøvinsten er ved å innføra biodiesel i Noreg er ennå uklart, men utsleppa vert vesentleg reduserte, seier Hansen.

- Vi veit at landbasert transport står for kring 22 prosent av Noreg sitt samla CO2-utslepp. Bruk av biodrivstoff vil føre til betydeleg reduserte utslepp frå transportsektoren, seier han.