Hopp til innhold

Gullgruve for næringslivet

Rallarvegen, den mest populære sykkelvegen her i landet, er blitt ei gullgruve for næringslivet.

Rallarvegen
Foto: Trond Stenersen / NRK

I år legg syklistane igjen 50 millionar kroner hos bedriftene i høgfjellet.

Det går mot ein av dei beste sesongane sidan trafikken eksploderte på 1990-talet.

Meir enn 20.000 menneske kjem til å ha sykla den tradisjonsrike anleggsvegen langs Bergensbanen før sesongen er omme.

Rallarvegen er anleggsvegen som blei brukt då Bergensbanen blei bygd for 100 år sidan. Dei fleste syklar frå vestover frå Haugastøl eller Finse til Myrdal og ned til Flåm ved Aurlandsfjorden, som er ein arm av Sognefjorden. Frå Haugastøl til Flåm er det åtte mil. Det går også ei avgreining av Rallarvegen ned til Voss.

Finsetunnelen på Bergensbanen
Foto: Vidar Knai

Syklistane lønnsame

Berekningar viser at ein syklist legg igjen gjennomsnittleg 2.500 kroner under ein tur på Rallarvegen. Med 20.000 syklistar på vegen, blir til saman 50 millionar kroner lagt igjen denne sesongen hos dei mange bedriftene som tilbyr sykkelutleige, overnatting, servering og transport - og hos turoperatørane som sel pakketurar.

Til Flåm kjem det meir enn ein halv million turistar med tog og båt i løpet av sommarsesongen. Men økonomisk er syklistane dei mest attraktive.

- Det er utan tvil syklistane som legg igjen mest pengar i Flåm pr. turist, seier Bengt Hammer, som er salssjef på Flåmsbana. Dei fleste syklistane er nordmenn, dei er pengesterke, dei har behov for mat og drikke og overnatting, og dei bruker pengar på togbillett og sykkeltransport. Andre turistar har det meste inkludert i pakkane dei har betalt på førehand.

Hammer legg til at årets sesong heilt klart er ein av dei beste nokon gong. - Sesongen starta tidleg og det har vore mykje godver, seier han.

1.000 syklar på ei helg

I Flåm er det hektisk aktivitet om ettermiddagane, særleg i helgene. Ei vanleg helg i sesongen er det nærare 1.000 syklar som skal returnerast - mange med tog, mange med bil. Frå Haugastøl køyrer dei 30 mil tur retur for å hente syklane tilbake. Sidan Rallarvegen startar på Haugastøl, er det mange som leiger sykkel der.

- Vi tilbyr sykkelutleige og overnatting, og vi betjener NSB sitt sykkeltog som går over fjellet i høgsesongen, seier Eldbjørg Kaupang på Haugastøl Turistsenter.

Rallarvegen
Foto: Trond Stenersen / NRK

 

- Sesongen har vore kjempebra, seier ho - vi fekk tre veker ekstra på grunn av lite snø og mykje fint ver. Rallarvegen har alt å seie for oss om sommaren - det er litt jakt og fiske og andre turgåarar, men det er veldig mange syklistar hos oss.

Knapt 400 kroner kostar det å leige sykkel og få sykkelen returnert frå Flåm. For eit par tusenlappar får ein også kost og losji med to overnattingar. Som regel er det mannen Terje som dreg til Flåm og hentar syklane.

Kurs og sykling

Mange startar også sykkelturen på Finse. Her leiger hotellet Finse 1222 ut syklar. Hotellet merkar godt at Rallarvegen blir stadig meir populær, seier assisterande dagleg leiar Merete Aarskog. - Vi har god auke i talet på gjestedøgn, og vi ser også at mange utlendingar kjem hit for å oppleve den gamle anleggsvegen, seier ho.

Rallarvegen er attraktiv også i kurs- og konferansmarknaden. - 100 prosent av konferansegjestene våre syklar, og bedriftene vel bevisst å leggje konferansen hit fordi dei då kan kombinere møteverksemd med sykling, seier Aarskog. For oss er Rallarvegen heilt avgjerande økonomisk, seier ho.

Om sommaren og hausten er også ein stor del av gjestene på Finsehytta og Hallingskeid Turisthytte syklistar. Dette er Turistforeningen sine hytter i området.

- Kunne dobla kapasiteten

Mange syklar Rallarvegen på ein dag - andre stoppar på Myrdal og tek siste etappe neste dag. Både Myrdal Fjellstove og Vatnahalsen Høyfjellshotell har stor glede av sykkeltrafikken.

- August- og september-helgene her var fullbestilte for eitt år sidan, takka vere syklistane. Vi kunne fylt opp dobbelt så mange rom akkurat i denne perioden, seier Jannet Aksnes, som er dagleg leiar ved Vatnahalsen Høyfjellshotell.

- Syklistane har alt å seie for oss. Desse to månadene med syklistar lever vi på heile vinteren.

Sommaren viktigare enn vinteren

Styraren for Stiftinga Rallarmuseet Finse, Steinar Skår, har følgt utviklinga langs Rallarvegen gjennom ei lang rekkje år. Han seier at veksten i sykkeltrafikken har snudd opp ned på turismen i høgfjellet.

- No er sommarsesongen blitt viktigare enn vintersesongen her oppe, seier han. Med den kraftige veksten i trafikken, er vegen blitt svært viktig for næringslivet, seier Skår. Han reknar med at omlag 50 servicebedrifter i området frå Gol til Flåm og Voss har ein aktivitet som på ein eller annan måte kan knytast til Rallarvegen.

- Sykkeltrafikken er med på å styrkje økonomien i bedriftene, og det er ein fordel, for når dei er livskraftige og sterke, yter dei også god service til dei kundane som kjem hit som våre felles gjester, seier Skår.

Starta i 1969

Det var Norske Ungdomsherberger som i 1969 tok initiativet til å ruste opp den gamle anleggsvegen til sykkelveg. På 1970-talet sto dei bak ein omfattande dugnadsinnsats i samarbeid med NSB og Statens Vegvesen. I dag er det Jernbaneverket som står for vedlikehaldet av vegen.

Syklistane begynte for alvor å ta i bruk vegen på 80-talet - då blei også omgrepet "Rallarvegen" for første gong brukt om denne vegstrekninga. Etter fleire større reportasjar i media, eksploderte trafikken på 90-talet. Frå 2000 har trafikken auka jamt og trutt, og i år kjem Flåmsbana truleg til å transportere omlag 6.000 fleire syklar enn i 2002. Turoperatøren Fjord Tours har selt dobbelt så mange gruppeturar i år som i fjor.

- Det er flott at stadig fleire vil oppleve fjellet frå sykkelen, seier Steinar Skår. Turen er ei fin naturoppleving, og den er interessant historisk. Dette er jo eit kulturhistorisk minnesmerke, samtidig som ein opplever skiftande natur med store kontrastar, seier han.

Rallarmuseet har utstillingar frå arbeidet med Bergensbanen både i museumsbygningen på Finse og på Fagernut, ein gammal vaktarbustad ei mil vest for Finse, der syklistane no kan ta seg ein pause og kjøpe mat og drikke.

Tåler trafikken

- No er Rallarvegen blitt eit "produkt" som blir marknadsført i stor stil. Tåler området all denne trafikken?

- Det er heilt klart ein balansegang, og det har ikkje vore heilt utan konflikt og dramatikk, men museet, kommunane, reiselivsnæringa, hytteeigarar og grunneigarar er samde om at sykkeltrafikken er viktig for svært mange, og at den er kommen for å bli. Det er viktig å respektere kvarandre, og det synest eg vi har vi fått til, seier Steinar Skår. Rallarvegen

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.