Hopp til innhold

Var ikkje klar over ansvaret sitt

Fornyings- og administrasjonsminister, Rigmor Aasrud, var ikkje klar over at ho hadde ansvar for tryggleiken i regjeringskvartalet.

Rigmor Aasrud

Rigmor Aasrud forventa at administrasjonen i departementet skulle ta eit større ansvar om å informere ho.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Departemantet til Aasrud er eigar av Statsbygg og regjeringsbygga, og har difor eit sjølvstendig ansvar for tryggleiken i bygga.

I 2006 vart det fatta eit vedtak i regjeringa som presiserte at FAD hadde ansvaret for tryggleiken Regjeringskvartalet.

Men i forklaringa Rigmor Aasrud gav til 22. julikommisjonen, kjem det fram at ho ikkje var klar over dette ansvaret.

Ho gir vidare uttrykk for at administrasjonen i departementet hadde eit ansvar om å informere om viktige vedtak då ho starta i jobben i 2009.

Rigmor Aasrud har tidlegare fått kritikk frå Gjørv-kommisjonen for måten ho handterte planane om stenginga av Grubbegata.

Dei første planane om å stenge Grubbegata kom allereie i 2004. Anders Behring Breivik ville ikkje hatt høve til å køyre bombebilen fram til Høgblokka dersom gata hadde vore stengt.

Brukte lite tid på tryggingsprosjekt

I intervjuet kjem det også fram at Aasrud har nytta svært lite tid på tryggingssprosjektet som tidlegare var vedteke av departementet ho leia.

«Aasrud har ikkje hatt saker om tryggingsprosjektet på bordet sitt utanom i budsjettsamanheng», kjem det fram i intervjuet.

Ho gir også her uttrykk for at ho forventa at administrasjonen, og departementsrådet, skulle ta dette ansvaret.

– Inntrykket mitt av det tryggingssprosjektet var at det var veldig perifert, fortel Aasrud i intervjuet.

Inten tryggingsklarerte

Det kjem også fram at ingen av statssekretærane under Aasrud var tryggingsklarerte. Dette førte til at det tok lang tid for statssekretærane å starte arbeidet med sakene.

Som øvste leiar i departementet vedgår Aasrud i intervjuet at dette var hennar ansvar.

AKTUELT NÅ