– Alvorlege kunnskapshol om vald i psykiatrien

Utan ein samordna, nasjonal oversikt over vald innanfor psykisk helsevern kan ikkje forskarane utvikla nye metodar som kan gjera arbeidsdagane til psykiatriske pleiarar mindre risikofylt, seier forskar Roger Almvik.
Foto: François VIGNOLA/PHOTOPQR/NICE MATINSlag, spark og drapstrugslar er ein del av kvardagen for dei tilsette i psykiatrien. Mangelen på ein nasjonal valdsstatistikk hindrar arbeidet med å førebyggja valdsepisodar mot pleiarane, meiner forskarar.
Publisert 30.09.2011 10:53. Oppdatert 30.09.2011 11:30.
- Skriv ut
For dryge to veker sidan vart ein pasient drepen av ein annan pasient inne på ein psykiatrisk avdeling i Oslo. Knivdrapet gjorde mange uroa for tryggleiken til både pasientar og tilsette i psykatrien.
Medan valdsepisodar mellom pasientar er uvanleg, blir pleiarar og andre som arbeider ved psykiatriske institusjonar i Noreg dagleg utsette for vald og trugsmål.
Likevel finst det ingen samla nasjonal statistikk over omfanget av vald og trugsmål på dei psykiatriske avdelingane.
Det er eit alvorleg problem, meiner fleire forskarar.
– Det er belastande
Bransjane som er mest utsette for vald og trugsmål
1. Helse og sosial: sjukehus, psykiatri, sosiale tenester, barnevern, heimeteneste
2. Offentleg administrasjon: politi, kriminalomsorg, trygdetenester, kommunale parkeringsvaktar
3. Undervisning
4. Hotell og restaurantar
5. Transport: Taxi, buss, trikk, t-bane, tog
Kjelde: Arbeidstilsynet

Nils Ragnar Myklebust er hjelpepleiar ved regional tryggingsavdeling på Dikemark i Asker.
PrivatIfølgje Arbeidstilsynet er helsevesenet den bransjen som er mest utsett for vald og trugsmål, og aller verst er det i psykiatrien.
Også i ei HMS-undersøking frå Fafo (2007) skil helsesektoren og sosialnæringa seg ut som spesielt belasta. Høvevis 12 og 17 prosent av dei spurde seier at dei har vorte utsette for vald eller trugslar om vald i løpet av det siste året.
Tal som NRK har henta inn viser at det hittil i år er registrert 1849 tilfelle av vald, trugslar og utagerande åtferd mot tilsette på psykiatriske avdelingar ved helseføretaka i Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger - dei fire største byane i Noreg (sjå tabell lenger nede i artikkelen).
Tala viser også at førekomsten av valdsepisodar og trugsmål ved sjukehusa er svært konsentrert i psykiatrien. Berre eit fåtal hendingar skjer på somatiske avdelingar.
I tillegg til den psykiske påkjenninga ved å jobba i eit risikofylt yrke, er det ikkje uvanleg at dei tilsette får fysiske skadar som medfører legebesøk og sjukemelding.
– Det er belastande, heilt klart. Eg merkar at det gjer noko med meg, seier Nils Ragnar Myklebust (57).
Slag og stikk
Myklebust er psykiatrisk hjelpepleiar med over 30 års fartstid i yrket. Dei siste 25 åra har han jobba ved ei avdeling som er spesielt utsett - den regionale tryggingsavdelinga (RSA) på Dikemark i Asker.
Dette er ei av tre slike avdelingar i landet som tek imot pasientar som er farlege eller valdelege og som er alvorleg sinnslidande. Mange av desse har drap på samvitet, og er dømde til tvungent psykisk helsevern.
Det er særleg i samband med grensesetjing at pasientane blir aggressive. Hjelpepleiaren har teke imot mange harde slag i løpet av sitt yrkesliv. Dei siste åra har han også merka seg at valden mot pleiarane har vorte råare enn før.
– Ja, eg har mange gonger gått sjukemeld i kortare periodar fordi eg har blitt slegen med knyttneve eller harde gjenstandar mot hovudet og stukken med spisse ting, seier hjelpepleiaren.
(Artikkelen held fram under tabellen)
| Helseføretak (Universitetssjukehus) | Reg. tilfelle av vald, trugsmål og utagerande åtferd i psykiatrien | ||||
| 2006 | 2008 | 2010 | 2011 | ||
| OSLO | - | - | - | 404 (469) | |
| BERGEN | 1463 (1528) | 747 (767) | 693 (721) | 677 (702) | |
| TRONDHEIM | 759 (832) | 1053 (1126) | 826 (862) | 427 (459) | |
| STAVANGER | 504 (-) | 612 (614) | 732 (741) | 341 (345) | |
| Merknad: Talet i parantes viser tilfelle totalt mot alle tilsette i helseføretaket. Trondheim har tal frå 2007 i staden for 2006. Oslo Universitetssjukehus har ikkje tal frå tidlegare år fordi Oslo Universitetssjukehus blei etablert i 2009, og fordi det i 2010 blei innført eit nytt avvikssystem ved føretaket. | |||||
– Hindrar førebyggande arbeid
Dei einskilde helseføretaka er pålagde å ha eit avvikssystem der dei registrerer vald, trugsmål og utagerande åtferd retta mot sine tilsette på arbeidsplassen. Men tala blir ikkje samordna, korkje på regionalt eller nasjonalt nivå.
Fleire stader fører ein avvik utan å skilja mellom faktiske valdsepisodar, uhell som har ført til skade, nesten-uhell og trugsmål.
Ved Oslo Universitetssjukehus blei det innført eit nytt avvikssystem i fjor. Kommunikasjonsrådgjevar Jo Heldaas seier det gamle rapporteringssystemet var så dårleg at dei ikkje ønskjer å gje ut statistikk frå 2010.

Roger Almvik er forskar ved Regional tryggingsavdeling (RSA) Brøset i Trondheim.
Foto: Kari Stenhjem/NRK– Me ønskjer ikkje å gå ut med eit tal som me har grunn til å tru at er feil, seier Heldaas.
Mangelen på felles prosedyrar for kva som skal rapporterast inn og korleis, er ei viktig årsak til at det ikkje finst ein overordna statistikk for heile landet.
– Mangelen på samla kunnskap er alvorleg. Det største problemet er at me ikkje får høve til å forska for å utvikla førebyggjande metodar som kunne redusert førekomsten av vald mot dei tilsette, seier forskar Roger Almvik.
- LES OGSÅ: Sjekkliste kan hindre vold i psykiatrien
Forskar Almvik får støtte frå Fafo-forskar Jørgen Svalund, som står bak rapporten «Vold og trusler om vold i offentlig sektor». Også Svalund konkluderer med at kunnskapen om problemet er for dårleg, og etterlyser meir statistisk kartlegging.
– Ukultur og travel kvardag
Almvik jobbar ved St.Olavs Hospital i Trondheim og har skrive doktorgrad om førekomsten og førebygging av vald i helsevesenet. Han har i tillegg 15 års yrkeserfaring som psykiatrisk sjukepleiar og kjenner godt til belastninga som Myklebust fortel om.
– Vald mot personalet i psykiatrien er sterkt underrapportert. Det finst mange grunnar til det. Ei viktig årsak er at det ikkje er kultur å varsla om dette på arbeidsplassen, fortel han.
Ei anna årsak er kompliserte varslingsrutinar som pleiarane opplever at dei ikkje kan ta seg tid til i ein travel kvardag, ifølgje forskaren.
Hjelpepleiar Myklebust stadfestar at mange av dei daglegdagse episodane som skjer på arbeidsplassen hans aldri blir ført i pennen og arkivert.«Arbeidstakar skal, så langt det er mogleg, vernast mot vald, trugsmål og uheldige belastingar som følgje av kontakt med andre.
– Me blir truga på livet fleire gonger om dagen. Det blir så mykje at ein ikkje kan ta seg tid til å fylla ut skademeldingsskjemaet kvar einaste gong, seier 57-åringen.
- LES OGSÅ: Ingen oversikt over vold i eldreomsorgen
Definisjon av begrepet 'vold og trusler'
Vold og trusler er hendelser hvor arbeidstakere blir
utskjelt, utsatt for uønsket seksuell oppmerksomhet fra
tredjepart eller angrepet i situasjoner som har forbindelse
med deres arbeid, og som innebærer en åpenlys eller
antydet trussel mot deres sikkerhet, helse eller velvære.
Kilde: Arbeidstilsynet
Har vurdert å skifta yrke
Valdsepisodar meiner hjelpepleiar Myklebust likevel at dei har blitt betre på å rapportera om.
– Me har blitt flinkare i løpet av dei siste åra. Det er viktig med gode rutinar. I tillegg er det viktig å få ein legesjekk etter å ha fått seg eit slag, fortel Myklebust.
Også ved Brøset RSA i Trondheim har tilsette vorte alvorleg skadde etter åtak frå pasientar. Dei har fått øydelagt testiklar, knekte bein, djupe kuttskadar og tannskadar, opplyser St. Olavs Hospital.
Mindre brutal utagering som spytting, lugging og kloring er enno vanlegare, og trugsmål er ein gjengangar.
– Pasientane seier dei skal skada deg, drepa deg og «ta» familien din. Av og til lurer eg på om eg heller burde ha valt eit anna yrke, men det er jo også ein grunn til at eg har vore her i 25 år, seier Myklebust som ivrar etter å fortelja om gode og dyktige kollegaer.
Myklebust syntes det var skremmande å høyra om pasientdrapet i Oslo, men seier han stort sett kjenner seg trygg på sin eigen arbeidsplass, trass i valdsepisodane.
– Eg reagerer på at slikt skjer. Det set i gang tankar om at nok like alvorleg kan skje ved andre avdelingar. Men me har eit godt samhald og gode rutinar her på Dikemark, og eg opplever det som ganske trygt å jobba her, fortel 57-åringen.
Innenriks
AUF-Pedersen vil på Stortinget - Still spørsmål til traume-eksperter
- Brått skifte av kinesisk ambassadør
- 30.000 statsansatte streikeklare
- Forbannet av Ludvig Nessa & co
- 98 ordførere har droppet mobbe-nei
- – Atskillelse kan forebygge vold
- Forbud mot øl på glassflasker?
- Mann forskanset seg i hus i Modum
- – Ikke kjøpmennene som tar pengene
- Nye åtte uker i varetekt for Krekar
- PST vil diskutere meir overvaking
- Reiste vekk for å slippe rettssaken
- Statsministeren slåss for småbarn
- Nettproblem hos Telenor
- Breivik får ekstra forklaringstid
- Vet ikke hvem som truet Utøya-vitne
- Vegvesenet lover kø i pinsen
- Glemte diabetiker i arresten
- Mistet lillesøsteren på Utøya
Neste sending: Dagsnytt
Nettradio
- Dagsnytt med værmelding (23.05.12 00:00)
- Dagsnytt med værmelding (23.05.12 00:00)
- Dagsnytt med værmelding (22.05.12 22:00)
- Dagsnytt med værmelding (22.05.12 22:00)
- Dagsnytt atten (22.05.12 18:00)
- Dagsnytt med værmelding (22.05.12 00:00)
- Dagsnytt med værmelding (22.05.12 00:00)
- Dagsnytt med værmelding (21.05.12 22:00)
- Dagsnytt med værmelding (21.05.12 22:00)
- Dagsnytt atten (21.05.12 18:00)
- Flere programmer
Podkast
http://podkast.nrk.no/program/dagsnytt.rss
Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!
Nett-TV
Kontakt
E-post: nyheter@nrk.no
NRK Nyheter, 0340 Oslo
Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.

