Hopp til innhold

Frykt blant pasientar og pårørande etter pasientdrap i psykiatrien

Mange psykiatriske pasientar og pårørande kjenner seg utrygge etter pasientdrapet i Oslo tysdag, ifølgje Landsforeininga for pårørande innan psykisk helse (LPP).

Psykiatri

Pasient- og pårøranderepresentant Anne-Grethe Terjesen fryktar at færre vil samtykkja til innlegging på institusjonar etter pasientdrapet på ein psykiatrisk avdeling i Oslo.

Foto: Henrik Sørensen / Scanpix Denmark

Anne-Grethe Terjesen

Anne-Grethe Terjesen er leiar av brukarrådet avdeling psykisk helse og avhengigheit ved Oslo Universitetssjukehus og sjef i Landsforeininga for pårørande innan psykisk helse (LPP).

Foto: LPP
Roger Almvik ved Regional sikkerhetsavdeling

Roger Almvik er forskar ved Regional tryggleiksavdeling Brøset i Trondheim.

Foto: Kari Stenhjem / NRK

Ein pasient vart tysdag drepen av ein annan pasient inne på ein lukka avdeling ved ein psykiatrisk institusjon under Oslo Universitetssjukehus.

– Det er veldig tragisk at noko slikt kunne skje. Eg trur mange kjenner seg utrygge etter dette drapet - både pasientar, pårørande og tilsette, seier pasient- og pårøranderepresentant Anne-Grethe Terjesen.

Reagerer på rutinemangel

Terjesen er leiar av brukarrådet avdeling psykisk helse og avhengigheit ved Oslo Universitetssjukehus og sjef i Landsforeininga for pårørande innan psykisk helse (LPP).

Uavhengig av kor ofte valdelege episodar oppstår, bør psykiatrisk klinikkar ha gode nok rutinar til å kunne fanga opp og handtera trugande åtferd når ein slik situasjon først oppstår, meiner ho.

– Eg reagerer på at avdelinga der drapet skjedde ikkje har rutinar som sikrar pasientar og tilsette, seier Terjesen.

Ho understrekar at ho ikkje har kjennskap til rutinane ved avdelinga der det tysdag braut ut ein slåsskamp mellom to pasientar som enda med knivdrap.

– Men når ein pasient er innlagd på eit sjukehus, skal ein kunne venta at både pasienten og dei tilsette er trygge. Også dei pårørande må vera sikre på at pasienten har det bra, seier LPP-leiaren.

Førre drap i 1984

Vald og trugsmål mellom psykiatriske pasientar skjer svært sjeldan i Noreg. Drap skjer så godt som aldri.

Sist ein psykiatrisk pasient drap ein annan, var på Haukåsen psykiatriske sjukehus i 1984, opplyser Roger Almvik, som har ei doktograd om førekomsten og førebygginga av vald i helsevesenet.

Ein ung kvinneleg pasient gjekk den gongen til åtak på ein eldre pasient. Også i dette tilfellet var drapsvåpenet ein kniv.

– Men det er også det einaste tidlegare tilfellet av drap som eg kjenner til. Det seier litt om kor liten førekomsten faktisk er, seier Almvik som er forskar ved St. Olavs hospital i Trondheim.

Fryktar at fleire kvir seg

Heller ikkje institusjonen i Oslo, der ein pasient vart drepen med kniv tysdag denne veka, har erfaring med valdsepisodar mellom pasientar.

Terjesen i brukarrådet avdelings psykisk helse oppfattar tryggleiken til innlagde psykiatriske pasientar i Noreg som bra, men fryktar at færre vil samtykka til innlegging på institusjonar etter ei så rystande hending.

– Det er viktig å understreka at mange psykiatriske pasientar blir innlagde utan tvang. Om behandlinga er frivillig eller ikkje, så er det veldig viktig at pårørande opplever at pasienten er trygg inne på institusjonen og at vedkommande får riktig behandling, seier ho.

– Trygge rammer

Lars Lien

Lars Lien er instituttleiar ved klinikk for psykisk helse og avhengigheit ved Oslo Universitetssjukehus.

Foto: Kirsti Falch-Nilsen

Det blir opp til politiet å vurdera om tryggleiken er god nok ved avdelinga der drapet skjedde, sa klinikksjef Lars Lien på ein pressekonferanse i går . Ifølgje Lien er det uvisst korleis pasienten fekk tak i ein kniv.

– Drapet skjedde på ei avdeling som er godt bemanna og som legg vekt på trygge rammer for alle som oppheld seg der, sa klinikksjefen.

Han får støtte frå den føretakstillitsvalde ved Oslo Universitetssjukehus, Bjørn Wølstad-Knudsen.

– Eg kjenner ikkje til omstenda kring drapet, men eg kjenner til den aktuelle arbeidsplassen. Det er serdeles kompetent personell som arbeider der, og det er ikkje rapportert om underbemanning på denne avdelinga, seier han.

Ifølgje den tillitsvalde vil fagforeininga no ta grep for å sikra at naudsynte system og rutinar som gjeld i slike situasjonar har vorte følgde, og at prosedyrane blir følgde i tida som kjem.

– Det er avgjerande at pasientar som kjem inn på institusjonar og sjukehus er i trygge hender.

Den vidare evalueringa av omstenda kring drapet den 13.september vil bli tema når Brukarrådet ved Oslo Universitetssjukehus skal ha sitt neste møte den 22.september.

AKTUELT NÅ