Hopp til innhold

- Dette er islamisering

– Heilt vilt at ein norsk skule legg om måten dei organiserer symjeundervisinga på utifrå omsyn til muslimar, meiner Framstegspartiet.

Per-Willy Amundsen

Det er grunn til å stille spørsmål ved om kjønnsdelt symjeundervisning er lovleg, meiner Per-Willy Amundsen i Frp.

Foto: Fremskrittspartiet

Innvandrarpolitisk talsmann i Frp, Per-Willy Amundsen, reagerer sterkt på at ein skule i Tromsø med over 300 elevar har innført separat gym- og symjeundervising for gutar og jenter på grunn av éin muslimsk elev.

– Dette er ein del av det Frp kallar «islamisering». Noreg tilpasser seg innvandrarar istaden for at innvandrarar tilpassar seg Noreg, seier Amundsen som er stortingsrepresentant for Troms.

– Ikkje lovstridig

Amundsen meiner også det er grunn til å stille spørsmål ved om ei slik form for kjønnsdelt undervisning er lovleg.

I opplæringslova heiter det at organiseringa av undervisninga «ikkje skal skje etter fagleg nivå, kjønn eller etnisk tilhør».

Men ifølgje statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Roger Østlie Sandum, er ikkje praksisen ved Borgtun skule lovstridig.

– Kjønnsdelt undervisning er som hovudregel korkje ønskeleg eller tillate, men her vert omsynet til elevane si deltaking viktigare enn det rettslege prinsippet, seier Sandum.

Kjønnsdelt i ti år

Roger Østlie Sandum i Kunnskapsdepartementet

Roger Østlie Sandum (SV), statssekretær i Kunnskapsdepartementet.

Foto: Esben Johansen

Statssekretæren viser til at Kunnskapsdepartementet også i tidlegare saker har tolka lova på denne måten. Ved Møllergata skole i Oslo har til dømes gutar og jenter hatt separat symjeundervising i ti år av omsyn til muslimske elevar.

– Skulane skal strekkje seg langt for å få til felles undervising, og forsøke å løyse problemet i dialog med foreldra til ungane, seier Sandum

– Men symjing er spesielt. Kjønnsdelt matteundervising hadde til dømes heilt klart vore i strid med opplæringslova, legg han til.

– Uforståeleg

Amundsen i Frp meiner likevel det er heilt uforståeleg at Borgtun skule har vald å tilpassa undervisinga av omsyn til èin elev sin religiøse bakgrunn.

– Me har ein skule som skal ha eit læringsopplegg som er likt for alle. Då er det spesielt at denne skulen er så villig til å gje etter i forhold til muslimar sine ønsker og krav.

NRK har førebels ikkje lukkast i å få ein kommentar frå leiinga ved Borgtun skule i Tromsø.

AKTUELT NÅ