Ane Brun spelar til inntekt for Haiti på søndag.
Foto: Erlend Lånke Solbu / NRKPressekontakt for Dugnad for Haiti, Rannveig Lie, stadfestar i kveld at konserten der fleire kjende artistar deltek, er utselt. Mellom anna deltek Morten Harket, Ane Brun, Knutsen og Ludvigsen og Ingrid Olava på konserten.
- Det er kjempebra at interessa er så stor, det lovar veldig bra, seier Rannveig Lie til NRK.
- LES ÒG:
- LES ÒG:
- LES ÒG:
Også Morten Harket stiller opp for dei jordskjelvråka på Haiti.
Foto: JOHN MACDOUGALL / AFPTotalt har arrangørane fått selt i underkant av 1400 billettar, til mellom 400 og 1000 kr stykk. Konserten i Operaen søndag 24. januar markerer startskotet for fleire kulturarrangement rundt om i landet, til inntekt for jordskjelvorfa i Haiti.
Målet er å få inn minst 2,5 millionar kroner på konserten.
Rannveig Lie håper at dei som ikkje fekk sikra seg ein billett til konserten i Operaen følgjer konserten på tv, og donerer pengar til aksjonen ved hjelp av den informasjonen ein får der. NRK sender konserten direkte på søndag klokka 21.15.
- LES ÒG:
Konserten vart til på initiativ frå filmregissør Alexander Eik, og er eit samarbeid mellom GramArt, Røde Kors og Kirkens Nødhjelp.
Elisabeth Andreassen og Alexander Eik fotalde fredag 15. januar om planane for ein støttekonsert.