1980:
Ragnar Vigdal, Vigdal i Luster, folkesongar som tok vare på dei gamle songteknikkane med kvarttonar t.d. i salmesang.
1981:
Per Knut Aaland, Hopland i Stryn, delt pris med fotballgruppa Sogndal I.L.
|
Utanfor Kringkastingshuset i Oslo i 1952: Rolf Myklebust, Arne Bjørndal, Eivind Groven og Ole Mørk Sandvik. |
1982:
Kunstnarparet Rotevatn og Jørstad, Løkja i Eid, kunstnarekteparet som restaurerte den freda sorenskrivargarden på Løkja og dreiv Galleri Leikvin med allsidige kulturaktivitetar.
1983:
Rolf Myklebust, Oslo, fødd i Stryn. Som NRKs folkemusikkmedarbeidar 1952-1978 gjorde han ein unik innsats for norsk folkemusikk.
1984: Sundagsskulearbeidet i fylket.
1985:
Olav J. Befring, Stardalen i Jølster, for stort arbeid med kartlegging av lokal flora og som sjølvlærd astronom, og
Svein Brandsøy, Florø, sjølvlærd arkeolog som m.a. oppdaga
|
Olav Befring. |
steinbrota for diabas på Stakaldeneset – eit funn som gjorde at vår tidlegaste Noregssoge frå steinalderen måtte skrivast om.
1986:
Olav Stedje, Sogndal, populærsongar og trubadur som m.a. fekk Spellemannsprisen 1982.
1987:
Rolf Losnegård, Holmedal i Askvoll, forfattar og dramatikar, og
Jon Tolaas, Nordfjordeid, forfattar og lyrikar.
1988:
Audhild Viken, Skei i Jølster, for husflid, grunnleggjar av den kjende Audhild Vikens vevstove.
1989:
Honndalstausene, Hornindal, folkemusikkgruppe (fele) som m.a. har markert seg på nasjonalt plan og gjeve ut fleire album.
1990: Gloppen Jentekor, som under leiing av Ellen Johanne Gjestland (sjå under
Kjende personar i Gloppen fødde år 1930-1960) fekk fleire nasjonale prisar for sitt høge nivå, og m.a. har gjeve ut fleire album.
1991:
Oddleif Fagerheim, Dale i Sunnfjord, for arbeid for folkeopplysning og kultur. Donerte m.a. eigedomen sin på Dalsåsen til det som no har vorte Nordisk Kunstnarsenter Dalsåsen.
|
Martinus Grov. |
1992:
Helge Bydal og
Martinus Grov, begge Førde – den første som føregangsmann for bogeskyting som idrett i fylket, og den andre som bogeskyttar i verdsklasse.
1993: Kinnaspelet, Flora kommune (sjå:
Kinna-kyrkja, segna og spelet).
|
Ludvig Eikaas. |
1994:
Ludvig Eikaas, Oslo, fødd i Jølster. Ein av dei fremste biletkunstnarane i landet i siste halvdel av 1900-talet.
1995: Dale Ungdomslag, Fjaler, for arbeidet sitt som frivillig organisasjon m.a. med framføring av songskattane etter Jakob Sande.
|
Odd Njøs og Ola Henjum på Palmerevyen 2000. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
1996:
Leikanger Mannskor og Palmerevyen, for sin årelange innsats som humørspreiarar med ”Palmerevyen”.
1997:
Vevringutstillinga, Vevring i Naustdal, stor årleg kunstutstilling av høg kvalitet skipa til av lokale eldsjeler.
1998:
Knut Rumohr, Oslo, fødd i Frønningen, Lærdal kommune. Ein av landets fremste biletkunstnarar i siste halvdel av 1900-talet med abstrakt formspråk.
|
Terje Ness. |
1999: Årdals-prosjekta med musikkarrangementa ”Beatles” og ”Frå Chaplin til Elton John” (sjå "
Sterk dugnadsånd".)
2000:
Terje Ness, Oslo, fødd i Førde. Nykåra verdsmeister i kokekunst.
|
Sigmund Eikås |
2001:
Sigmund Eikås, Jølster. Spelemann med ei rad førsteprisar i landskappleikar, fylkesmusikar og ein krumtapp som leiar og instruktør i folkemusikken i Sogn og Fjordane.
2002: Vise-popgruppa
Fabel.
2003: Dramatikar og forfattar
Norvald Tveit frå Hyllestad.
2004: Danselærarane Jorunn Reina, Førde, Signe Lise Bergheim, Breim og Leyeune Avdal, Årdal.
2005: Ekteparet
Kari Standal Pavelich og
Michael Pavelich på Nordfjordeid, for arbeidet med Opera Nordfjord.
2006: Norsk forbund for utviklingshemma (NFU) i Sogn og Fjordane.
2007: Biletkunstnaren
Oddvar Torsheim.
2008: Skiløparen Odd-Bjørn Hjelmeset frå klubben Fjellhug/Vereide i Gloppen.