SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Samleside: KRIMINALSOGER I SOGN OG FJORDANE

Store mordsaker i Sogn og Fjordane

Oversyn over dei drapssakene i Sogn og Fjordane som har vekt mest merksemd opp gjennom tidene.

Historia i Stryn:

Forsikra svigerfaren og drap han

Like før påske i 1979 vart ein tidlegare forretningsmann frå Stryn funnen drepen i villaen sin som låg einbølt nede ved fjorden eit stykke vest for Stryn sentrum.

Historia i Hornindal:

Hekseprosess i Hornindal

I 1643 vart Eli Olsdotter Jutedal stemna for tinget på Lødøen, skulda for hekseri. Ho og mannen var støtt i krangel med grannane.

Historia i Luster:

Leiglendingen drap husbonden

I 1672 vart Erik Venjum i Hafslo drepen av leiglendingen sin, Knut Heggestad. Dei hadde kome i krangel om kor mange kyr Knut Heggestad skulle fø for husbonden.

Historia i Luster:

Avretta for drap i Luster

I 1662 vart Jacob Trolsen avretta for drap. Mannen kom frå ei bygd i Luster, men fleire detaljar vantar.

Historia i Luster:

Siste avrettinga i Sogn og Fjordane

Den siste avrettinga ved halshogging i Sogn og Fjordane bar til i Luster i 1858 då Jacob Johannesson Høyum (f. 1806) frå Høyheim i Luster vart avretta for konedrap.

Historia i Luster:

13-åring dømt til livstid for kaketjuveri

Då Per Olsson Molland var 14 år, måtte han som vanleg på 1700-talet, ut i teneste. Han hamna på Kvam i Hafslo, der han tuska til seg litt mat og drikke utan løyve.

Historia i Luster:

Grannedrap og maning

Ola Jonsson og grannen Ola Eriksson som levde på Melheim på Indre Hafslo kring 1700, var bitre uvener. Ein gong dei kom i krangel i vedaskogen, hogg Ola Jonsson til Ola Eriksson med øks. Den andre forsvarte seg med staur.

Historia i Luster:

Drapssaka mot Skule frå Jostedalen

I pinsa 1713 var ei 30 år gamal kvinne og ein 50 år gamal mann frå Jostedalen på veg opp dalen etter eit ærend nede i fjordbygdene. Kvinna var Sidsel Paulsdotter frå Lunde på Indre Hafslo og mannen var Skule Andersen frå Øvre Fåberg. Dei hadde begge vore innom skjenkestova i Marifjøra før dei la i veg. Sidsel reid på hesten, medan Skule gjekk ved sida av.

FLERE SAKER
Eit livleg bryllupslag (01.10.2003)
Stal øl - vart drepen (01.10.2003)
Beheim Karlsen-saka (22.04.2003)
Arrangert ekteskap (05.11.2002)
Avretta for blodskam (05.11.2002)
Drap stefaren (05.11.2002)
Bygdevektarar i Gulen (05.11.2002)
Grannedrapet på Fure (13.09.2002)
Kaperskip i Bulandet (30.08.2002)
Mordaren frå Vik (30.07.2002)
Liket som vakna (26.04.2002)
Hekseprosess i Alværa (26.04.2002)
Stotaren på Årlid (26.04.2002)
Han slapp å skrifte (12.03.2002)
Heksene på Vora (01.03.2002)
Halshogging for utukt (27.02.2002)

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no