SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Krigshistoria i Førde

Frå 1727 til kring 1860 var Toene ved Førde kyrkje eksersisplass for ”Førdeske Compagni”. På plassen var det reist eit telthus – lagerhus – og kommandanten budde i tunet på Skei som seinare har vorte kalla ”Kapteinsgarden”.

Publisert 21.09.2001 11:56. Oppdatert 02.02.2007 15:04.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
(Sjå "Kapteinsgarden" under: Prestegarden på Skei.)

Martin Schei frå Førde verva seg til dei internasjonale sosialist-brigadane som kjempa mot general Franco og hans fascistar under den spanske borgarkrigen på 1930-talet. Schei fall i 1937.

Andre verdskrig

Under 2. verdskrig hadde tyskarane ein av dei største leirane sine i Sogn og Fjordane i Førde. Her heldt kommanderande general til, og det vart bygd store militærleirar på Toene ved kyrkja og på Hafstadbakken. Her vart kommandoplassen sprengd inn i bunkers i fjellet. Russiske krigsfangar bygde m.a. veg frå Kronborg til Hafstadbakken. Sidan har denne vegen vorte kalla ”Burma-vegen”.
Fleire hus i sentrum vart rekvirerte til kontor og forlegningar, m.a. Firda Billag sitt kontorbygg og Sivertsens Hotell i Førde. På innfartsvegane mot Førde var vegane m.a. underminerte med sprengkammer på Langeland og mot Naustdal. I Førde sentrum la tyskarane ut tanks-sperringar. Hafstadbakken og andre stader var væpna med kanonstillingar.
Generalløytnant Karl von Beeren og sjåføren hans utanfor huset til Jørgen Neverdal. Foto frå Fauske-samlinga.

Førde si betydning under 2. verdskrig toppa seg i mars 1943 då generalmajor Karl von Beeren gjorde Førde til hovudkvarter for divisjonskommandoen over 280. Infanterie-Division (høyr radioreportasje ovanfor). Frå Førde leia han også dei tyske stillingane på kysten. I Førde rekvirerte generalen villaen til skulestyrar Jørgen Neverdahl på Hafstad som bustad.
Tysk vegsperring vest for Hafstad Hotell. Foto frå boka "Fronten er kysten" av Kjell-Ragnar Berge.

Generalen hadde 4-500 mann under sin kommando i Førde, 700-800 mann i Vågsøy, 4-500 mann i Bremanger, 400-500 mann i Flora, 600-700 mann i Askvoll, 500-600 mann i Hyllestad og 300-400 mann i Gulen.
I september-oktober 1944 vart kommandoen over alle tyske styrkar på Vestlandet lagt under Bergen. Det var oberst Freiherr de Lasalle von Louisenthal som hadde kommandoen i Førde under kapitulasjonen 8. mai 1945. Fenrik Henrik Skarstein hadde kommandoen over Heimestyrkane i Førde i mai-dagane.
Milorgsjef i Sogn og Fjordane, Ragnar Ulstein, kom nokre dagar etter kapituasjonen til Førde for å undersøkje rykta om at den frykta leiaren for Gestapo i Høyanger, Helmut Klötzer og hans medarbeidarar skulle ha gøymt seg forkledde som tyske soldatar mellom styrkane i Førde. Dette viste seg ikkje å vere rett. (Les meir om Klötzer under Høyanger: "Klötzer vert sjef".)

I Førde har kommandobunkeren på Hafstadbakken vore brukt av Forsvaret heilt til 1990-talet, og på Hafstad står tanks-sperringane framleis. På Toene er ei tyskarbrakke framleis nytta som møbelbutikk.

Den mest kjende motstandsmannen frå Førde er seinare fylkesmann Nikolai Schei. Han var med i leiinga av den norske Heimefronten.

Torberg Haaland og Georg Aasen frå Førde var krigsflygarar under 2. verdskrig. Haaland omkom i like etter krigsslutt i ein flystyrt ved Larvik. Aasen heldt fram som offiser i Luftforsvaret.

Falne og omkomne frå Førde



Folk frå Førde i tysk fangenskap



Sjå også:
Luftslaget over Sunnfjord


MEIR OM FØRDE 
Førde kommune

 
Aviser og media i Førde
Historia i Førde
Industri og næring i Førde
Kjende personar i Førde
Krigshistoria i Førde
Kyrkjer i Førde
Samferdsle i Førde
Skular i Førde
Verd å sjå i Førde

 
Video frå Førde
Lyd frå Førde
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no