Gardar som heiter Huseby eller Husabø har ofte vore kongsgardar i Norden. Antan har kongar budd der fast, eller bygt seg hus der som dei kunne bu i når dei reiste rundt i "veitsler" og gjesta landskapet der garden låg.
Husabø på Leikanger er truleg ein slik gard:
Halvdan Svarte, som rådde i Opplanda (Oppland, Buskerud og Vestfold) midt på 800-talet, fekk også kontrollen over Sogn og brukte seinare Husabø som kongsgard eller veitslegard når han var på gjesting. Husabø-garden omfatta nok på den tid det meste av Systrond. Halvdan Svarte gifta seg med Sogne-kongen Harald Gullskjegg si dotter, Ragnhild.
Harald Hårfagre (ca. 865-932) som samla Noreg til eitt kongerike, skal i fylgje sagaen vere son til Halvdan Svarte og Ragnhild. Etter segna voks Harald Hårfagre opp hjå morfaren Harald Gullskjegg, som ein reknar med budde på Husabø-garden på Leikanger.
I samband med studiar kring Gulatinget, hevdar professor i mellomalderhistorie, Knut Helle, er det er mest truleg at Harald Hårfagre Sogn og Leikanger som utgangspunkt då han starta rikssamlinga og la småkongedøma på Vestlandet under seg.
Husabø-garden vart frå 1200-talet og i lang tid etter adelsgods, eigd av nokre av dei rikaste i landet.
|
Baldersteinen på Husabø. (Foto: A. Nybø, NRK) |
I 1647 kom den belgisk-ætta Lem-slekta inn som eigarar av Husabø-garden med tilliggjande gardar på Systrond.