Denne kyrkja, bygd kring 1100, er nær knytt til
Selje kloster og Sunniva-legenden ved Stad. Den irske kongsdottera Sunniva rømde ifylgje segna frå heimlandet saman med ein liten flokk for å unngå tvangsgifte med ein vikinghovding. På tre skip dreiv dei i storm over havet. Dei fleste hamna i Selje, men ei gruppe dreiv i land på Kinn. Her er det på same vis som på Seljeøya ein steinhellar som dei kan ha budd i. Hellaren heiter Byrjehellaren, og her finst merke etter ein bygning. Like over kyrkja ligg Bornihellaren. Borni skulle vere systera til Sunniva.
Kinna-kyrkja
Legenda om Borni og slektskapet med Sunniva gjorde truleg Kinn til eit pilegrimsmål i mellomalderen. Kring 1150 vart det bygd ei etter måten stor steinkyrkje på Kinn. Kyrkja måler over 25 meter, og er bygd i to omgangar. Interiøret er dominert av det eineståande lektoriet frå kring 1250, ein rikt utskoren korboge i tre (sjå elles
Kinn kyrkje).
Segna knyter Kinna-kyrkja til St. Sunniva, men meir truleg finn ein opphavet til kyrkja i keltiske misjonærmunkar som av ein eller annan grunn slo seg til på Kinn.
Kinnaspelet
|
Frå Kinnaspelet 1999. (Foto: NRK) |
Sidan 1985 har kyrkjegarden ved Kinna-kyrkja vore scene for det årlege Kinna-spelet, skapt etter initiativ frå sokneprest
Odd Stubhaug i samarbeid med teatersjef
Anne Gullestad ved Sogn og Fjordane teater. Ved jonsoktider kvart år vert det historiske spelet "Songen ved det store djup" av
Rolf Losnegård framført av profesjonelle skodespelarar og lokale amatørar. Handlinga er lagt kring reformasjonen i 1537.
Kinna-spelet fekk
Fylkeskulturprisen i 1993.
|
Kinnaklova og kyrkja. (Foto: NRK) |