SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Samferdsle i Førde

Førde sentrum sett frå Førdenipa. Foto: Kjell Arvid Stølen
Førde sentrum sett frå Førdenipa. Foto: Kjell Arvid Stølen
Førde ligg geografisk midt i fylket, og frå Førde kan ein nå ut til dei fleste kommunane i Sogn og Fjordane innan to timars reisetid.

Publisert 29.08.2001 09:56. Oppdatert 23.05.2007 14:36.
E 39 er sambandslina sørover til Bergen og nordover til Nordfjord, og etter den andre vegaksen aust-vest kan ein reise til Florø på ein dryg halvtime og til Sogndal på halvannan time. I Førde finn ein eitt av dei største rutebilselskapa i landet – Firda Billag. I 1971 vart den første flyplassen i Sogn og Fjordane opna på Øyrane i Førd, og i lang tid var Førde ”telehovudstaden” i fylket.

Den gamle driftevegen frå Hyen gjekk heilt til Haukedalen (biletet) og Viksdalen. (Foto: NRK)

Gamle driftevegar gjennom Førde

Frå gamalt av gjekk det ein drifteveg frå Hyen i Nordfjord og vidare gjennom Trodalen til Angedalen i Førde. Driftevegen gjekk vidare sørover framom Farsund og over til Viksdalen i Gaular. Krøterdriftene tok seg over til Sogn gjennom Sværeskaret på Gaularfjellet. Frå Sværefjorden vart dyra førde i båt mot bygdene i indre Sogn og derfrå til Austlandet (sjå Aurland kommune), der det meste vart seld som slaktefé.
Også mellom Jølster og Haukedalen i Sunnfjord og til Vetlefjorden var det ferdsleveg over Vareggi, men det er uvisst kor mykje denne vart brukt til fédrifter.
I Førde finn vi to kjende slektsnamn med opphav i Aurland: Berqvam og Flåm. Begge slektene stammar frå driftekarar frå Flåm som kjøpte seg gardar i Førde. Begge desse gardane; Falkensten ved kyrkje og ein gard på Hafstad, er nytta til sentrumsutbygging.

Den trondhjemske Postvei i Førde

Vegen over Tynningen vart i 1785 avløyst av Den trondhjemske Postvei då denne vart opna mellom Førde, Mo og Vassenden.
Ferdslevegen mellom Jølster og Førde gjekk over Tynningen. Foto: Kjell Arvid Stølen.

Skysstasjonar og skyssplikt i Førde

Heilt frå 1100-talet måtte bønder og kystfolk å stille opp som gratis rorskarar eller kuskar for embetsmenn, adel og geistlige når dei var ute på reise kringom i kongeriket.

Køyrevegar i Førde



Samferdslekontoret

til fylkeskommunen var plassert i Førde frå 1956 til 1976.

Jernbane Vadheim-Sandane

Jernbana mellom Vadheim og Sandane gjennom Førde var høgt prioritert i den store transportplanen for fylket som vart lagt fram i 1920.

Ferdsla på fjorden i Førde

Heilt fram til vegen over Vasslia mot Fauske og Solheimsdalen vart opna i 1975, måtte folket frå dei vestlegaste bygdene i Førde kommune nytte rutebåtane på Førdefjorden til godstransport.

Førdefly

I 1966 starta entreprenør Andreas Hjelmeland flyselskapet Førdefly.

Flyplassen midt i industriparken

I 15 år hadde Førde ein av dei merkelegaste flyplassane i landet: Den var plassert midt i eit industriområde der store kranar på skipsverftet måtte køyrast til side når ruteflya skulle lande.

Lokalt småflyselskap tapte mot Widerøe



Posten i Førde

Den første postruta gjennom Førde vart starta kring 1650, og gjekk då utanom noverande Førde sentrum:

Telefon i Førde

Førde var tidleg ute med eigen telegrafstasjon, og staden utvikla seg etter kvart til eit administrasjonssenter for teletenestene i Sogn og Fjordane. I ein periode frå 1975 til 1993 hadde Førde teledistrik ansvaret for alle teletenester samt alle radio- og fjernsynsstasjonar i heile fylket.

Radio- og TV-sendarar i Sogn og Fjordane

Hovudsendaren for radio og fjernsyn på Hafstadfjellet vart bygd i 1958.

Rutebilselskap

- sjå Firda Billag under Industri og næring.

Buss og drosje i Førde


MEIR OM FØRDE 
Førde kommune

 
Aviser og media i Førde
Historia i Førde
Industri og næring i Førde
Kjende personar i Førde
Krigshistoria i Førde
Kyrkjer i Førde
Samferdsle i Førde
Skular i Førde
Verd å sjå i Førde

 
Video frå Førde
Lyd frå Førde
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no