SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Sogn og Fjordane:

Sogn og Fjordane fylke - eit resultat av heimlengt?

Joachim de Knagenhjelm fekk bli amtann for det nyskipa Nordre Bergenhus Amt, og flytte heim til Kaupanger-godset. (Foto: Ragnvald Søgnesand, NRK)
Joachim de Knagenhjelm fekk bli amtann for det nyskipa Nordre Bergenhus Amt, og flytte heim til Kaupanger-godset. (Foto: Ragnvald Søgnesand, NRK)
I 1763 vart Nordre Bergenhus Amt skipa av dei fire fogderia i Nordfjord, Sunnfjord, Ytre Sogn og Indre Sogn. Denne frådelinga var det først og fremst ein mann å takke: Joachim de Knagenhjelm (1727-1796) frå Kaupanger.

Publisert 06.12.2002 14:40. Oppdatert 19.12.2002 14:04.
Joachim de Knagenhjelm var jurist og hadde sidan 1760 gjort teneste som fullmektig hos den aldrande stiftsamtmannen i Bergen, Ulrik Fredrik de Cicignon. Knagenhielm var såleis stiftamtmannen sin næraste medarbeidar og fortrulege.

Gamlingen var inderleg takksam for at Knagenhielm ville avlaste han med oppgåver. Han sa heller ikkje imot då Knagenhielm starta kampanjen for å verte amtmann sjølv - og få sitt eige "spesialsydde" amt i heimetraktene! - Tvert imot: Det kunne gjere kvardagen for han sjølv lettare om han slapp ansvaret for fogderia i "nordfylket".

Joachim de Knagenhielm starta i 1762 brevskriveria sine til kongen i København. Først prøvde han seg med eit forslag om å dele arbeidsoppågåvene innan stiftsamtet med Cicignon: Gamleguten kunne få stelle med det som galdt tilhøvet til kyrkja, medan han sjølv kunne ta seg av resten av amtsforvaltninga i heile stiftsamtet. At han hadde stor lyst på amtmannstittelen, forstår vi når vi høyrer at han baud seg til å gjere arbeidet som amtmann gratis så lenge Cicignon levde! Men i København brydde dei seg ikkje ein gong å svare på framlegget frå Knagenhielm.

I ei ny purring i juni 1763 fekk endeleg Knagenhielm det som han ville og vart amtmann. Men no hadde han gått bort frå ideen om deling av amtmannsfunksjonane innanfor Bergens Stiftsamt: No bad han like godt kongen om å dele stiftsamtet i to og la Knagehielm få den nordre delen av amtet - altså Sogn og Fjordane. Dette gjekk kongen i København med på.

Såleis er fylkeseininga Sogn og Fjordane, slik vi kjenner den i dag, ein administrativ konstruksjon som vart skapt eine og åleine for å tilfredsstille ein ambisiøs ung mann frå Kaupanger som så inderleg gjerne ville verte amtmann!

Amtmannen som flytta heim til mor

Eit av kronargumenta til Knagenhielm var at ei deling ville skape meir nærleik mellom amtmannen og folket.
Men då Knagenhielm endeleg hadde fått det som han ville, var han tydelegvis ikkje særleg oppteken av passarhol og geografiske midtpunkt i sitt nye "rike": Han flytta heim til Kaupanger - i det søraustre hjørne av amtet - og busette seg på familiegodset. Den ugifte amtmannen flytta bokstaveleg tala heim til mor.

Derfrå styrde han Nordre Bergenhus Amt til 1771, då han fekk eit "mildt spark bak" og vart flytta nordover til amtmannsstillinga i Nordland. Grunnen var at Knagenhielm-
slekta på den tida åtte store deler av Sogn (sjå m.a. Hyllestad og Gulen kommunar), og amtmann Knagenhielm kom støtt og stadig i dobbeltrolle som embetsmann og stor jordeigar.

Tilbake til Bergen

Straks Joachim de Knagenhielm vart flytta nordover i 1771, tok den nyutnemnde amtmannen i Nordre Bergenhus, Magnus Theite, bustad att i Bergen. Og frå Bergen vart Nordre Bergenhus Amt styrt heilt fram til 1840.

Amtmannen på Lærdalsøyri

I 1840 fann amtmann Christian Ulrik Kastrup ut at han ville busetje seg på Lærdalsøyri. Lærdalsøyri var på den tida for ein liten småby å rekne, med mykje handel og handtverk.
Like før Kastrup flytta, hadde presten Peder Pavel Aabel gjort framlegg om at den veksande småbyen i Lærdal skulle få bystatus. Dette vart utgreidd, men ikkje gjennomført.
Bortsett frå eit kort intermesso mellom 1844 og 1850, då amtmann Hans Tostrup budde i Kaupanger, budde amtmannen på Lærdalsøyri heilt til 1864.

Neste side:
· Leikanger vert fylkesmannssete
Førre side:
· Bergenhus Stiftamt
Hovudside:
· Sogn og Fjordane fylke



MEIR OM SOGN OG FJORDANE FYLKE 
Sogn og Fjordane fylke
Fakta om Sogn og Fjordane

 
Fylkesordførarar og fylkesrådmenn
Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statlege institusjonar i Sogn og Fjordane

 
Lyd frå Sogn og Fjordane fylke
Video frå Sogn og Fjordane fylke
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no