|
Fabel f.v.: Odd-Erik Lothe, Fred Stave; Laila Beate Førde, Roger Allan Ivin og Knut Lothe (lengst bak). (Foto: Åse Skjølberg Myklebust) |
Visepopgruppa Fabel er den musikkgruppa frå Sogn og Fjordane som har markert seg sterkast nasjonalt ved sida av årdalsgruppa Lava, og har m.a. vore nominert til Spellemannsprisen 1997 og Årets beste album 1997 og 1999 på NRK P1.
Gruppa vart tildelt
Fylkeskulturprisen i 2002, og fleire av medlemane har fått tildelt fylkeskommunale studiestipend.
|
Fabel på Batalden i 1999. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
Utgjevingar: "Dagane" og "Jordbær og grasbrann" (1996), "Flørt" (1998), "Det e musikk" (1999) og "Smil" (2002).
Musikarar i Fabel:
f. 1972 i Kjølsdalen. Vokalist og gitarist i vise-popgruppa "Fabel", og er den som skriv og komponerer gruppa sine tekstar og melodiar. Gjekk musikklina ved Firda viadregåande skule (
Firda Gymnas).
Roger Allan Ivin
f. 1975, oppvekst i Balestrand, Hafslo og Sogndal, bass og koring. Er elles medkomponist i gruppa. Utdanna ved musikklina ved Firda vidaregåande skule.
Laila Beathe Førde
f. 1975 i Bremanger, saksofon, fløyte og song. Utdanna på musikklina ved Firda vidaregåande skule, Viken Folkehøgskule og musikkonservatoriet i Kristiansand.
Fred Noralf Os Stave
f. 1972 på Nordfjordeid, gitarar. Komponerer også for gruppa. Utdanna ved musikklina ved Firda vidaregåande skule, Viken Folkehøgskule, og marknadsføringsutdanning frå Universitetet i Oslo.
Knut Lothe
f. 1972 i Bodø, trommer, perkusjon og koring. Har gått Toneheim Folkehøgskule og Norges Musikkhøgskole.