Hopp til innhold

Tilsette strikkar for å få tida til å gå

Dag etter dag sit 17 tilsette ved Nordfjord sjukehus i døgnberedskap, nesten utan arbeid. – Latterleg og deprimerande, seier dei tilsette.

Nordfjord Sjukehus

PÅ JOBB: Operasjonsteamet er på jobb, men har lite å gjere. Dei tilsette opplever det som deprimerande.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Etter at Helse Førde la ned ortopedien ved sjukehuset den 16. desember i fjor har heile operasjonsteamet og anestesilegen stått nesten utan noko å gjere. Men dei må vere i full døgnberedskap.

For å få dagane til å gå blir det mykje strikking og prating. Men det blir også tid til å tenkje.

– Det er heilt vanvittig. Her sit vi og drikk kaffi og strikkar. Og tenkjer på dei lange ventelistene over heile landet, seier anestesisjukepleiar Hildegunn Espe til NRK.no.

Slik skal det vere ei god stund til...

Helse Førde si hastenedlegging av ortopediavldeinga ved Nordfjord sjukehus i demseber har fått merkelege følgjer. Heile operasjonsteamet på 16 personar, i tillegg til anestesilegen, går no i beredskap på skift, men har nesten ingenting å gjere.

Slik vil det vere heilt fram til fødeavdelinga på Nordfjordeid vert lagt ned. Det vil skje når Kvivsvegen opnar utpå hausten, og dei fødande frå Nordfjord blir sende til Volda, forklarar Espe.

– Stort sett går tida med til å kontrollere utløpsdato på medisinsk utstyr. Vi pakkar vekk og sender over til Førde ting som framleis er mogleg å bruke. Elles sit vi her og ventar på at det skal kome eit keisarsnitt, eller så skjer det ikkje noko i det heile, seier Espe oppgitt.

– Det er deprimerande

Kollegaen Kari Rygg Fjørstad deler frustrasjonen. Då NRK er på besøk held ho på med å returnere forbruksmateriell som vert nytta i samband med hofteoperasjonar.

– Er det dette du er tilsett for å gjere?

– Det er eit deprimerande arbeid, men det må gjerast. Vi må vere litt samfunnsnyttige, seier Rygg Fjørstad til NRK.no.

Samtidig som dei tilsette her går utan noko å gjere, skal fleire ha opplevd at det har vore vanskeleg å få hjelp ved sentralsjukehuset i Førde. I går fortalde Ragnhild Bruvoll at ho måtte vente ti dagar på operasjon etter at ho hadde brote handa.

Ho meiner Helse Førde umogleg kan ha planlagt korleis dei skal handtere situasjonen når det blir ei ortopedisk avdeling mindre i fylket.

– Kan ikkje gje noko god behandling

Etter nedlegginga av ortopedien på Nordfjordeid oppretta Helse Førde ei eiga skadeavdeling på sjukehuset. Der skal dei ta seg av mindre skader og vidaresende pasientar, helst til Førde sentralsjukehus.

Men anestesisjukepleiar Oddrun Lyslo seier at pasientane ved skadeavdelinga ikkje får den hjelpa og lindringa som dei kunne fått med dagens bemanning på Nordfjord sjukehus.

– Dersom det kjem inn ein pasient med ei skulder ute av ledd, så er her anestesisjukepleiar, anestesilege, apparat og medisinar. Vi treng eitt minutt til å gi ei sedering (red. mrk. smertelindring), for få skuldra tilbake på plass. Men det får vi ikkje gjere, seier Lyslo og legg til:

– Helse Førde har bestemt at det ikkje skal vere anestesipersonell ved sjukehuset i framtida, og har difor skrive ein prosedyre som nektar oss å utføre denne behandlinga. Pasienten må i staden reise ti mil til Førde for å få behandling, med ei skulder ute av ledd, noko som er veldig smertefullt.

NRK blir også fortalt at legar og ortopedar som er på jobb, ikkje får jobbe på skadepoliklinikken. Dette skal ifølgje dei tilsette skuldast at dei rett og slett ikkje får lov.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tore Dvergsdal

BEREDSKAP: Tore Dvergsdal forklarar situasjonen med at dei må ha beredskap i forhold til fødslar og keisarsnitt.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Må gjere det slik for å ha beredskap

Klinikkdirektør Tore Dvergsdal ved kirurgisk klinikk i Helse Førde, seier at styret sitt vedtak i juni om nedlegging av ortopedien på Nordfjordeid er avgjerande i denne saka..

– Med bakgrunn i dette var vi nøydde til å oppretthalde akuttberedskapen i forhold til fødslar og keisarsnitt. Vi må ha ressursar tilgjengeleg til ei kvar tid i høve denne problemstillinga, seier Dvergsdal og legg til:

– I tillegg kan dei vere på skadepoliklinikken, og torsdagar har dei gynekologiske inngrep.

På spørsmål om kvifor ortopedane ikkje får jobbe på skadepoliklinikken, seier Dvergsdal at dette ikkje er noko han er kjent med.

– Eg har ikkje kjennskap til at ortopedane ikkje kan jobbe på skadepoliklinikken. Det som er tilfelle er at ortopedane ved Nordfjord sjukehus har fått tilbod om ein anna jobb i Helse Førde, og det er ei sak mellom oss om dei vil det eller ikkje, seier Dvergsdal.

– Latterleg

Dvergsdal kan ikkje svare på kor vidt det er sikkert at alle dei tilsette ved Nordfjord sjukehus får halde fram i jobbane sine her, når også fødeavdelinga forsvinn.

Enn så lenge må Hildegunn Espe og dei andre i operasjonsteamet halde framslik dei gjer i dag. Dei opplever jobbkvardagen som tøff og vanskeleg.

– Eg har jobba her i 20 år, det er utruleg deprimerande å gå her og ikkje få gjort noko. Det er etisk og moralsk vanskeleg. Latterleg, seier Hildegunn Espe.

Dvergsdal presiserer at av 16 tilsette er tre i permisjon. Dei som arbeider ved avdelinga i dag har fått tilbod om å jobbe i Førde eller Lærdal.