Hopp til innhold

Måtte vente ti dagar på operasjon - kritisk til Helse Førde si planlegging

Først ti dagar etter at ho braut handa vart Ragnhild Bruvoll operert. – Helse Førde har ikkje har forstått at dei må auke kapasiteten ved sjukehuset i Førde når dei har lagt ned ortopedien ved Nordfjord sjukehus, seier kvinna oppgitt.

Ragnhild Bruvoll

TI DAGAR: Ragnhild Bruvoll måtte vente i ti dagar på operasjon. Helse Førde seier på si side av ventelistene blir kortare.

Foto: Aadne Gloppestad/Firda Tidend

I midten av desember vart lysa sløkte for siste gong på ortopedisk avdeling ved Nordfjord sjukehus. Då Ragnhild Bruvoll frå Sandane datt på glatta kunne dei på sentralsjukehuset i Førde konstatere eit komplisert brot i handa, men ikkje før ti dagar seinare vart ho operert, skriv Firda Tidend.

Bruvoll stiller no spørsmål om Helse Førde har planlagt korleis dei skal handtere situasjonen med ei ortopedisk avdeling mindre i fylket.

Skulda på sprengd kapasitet

Bruvoll fortel til avisa at ho trudde operasjonen ville finne stad same dag, eller dagen etter at ho hadde brote handa. Men brotet vart berre sett noko lunde på plass før kvinna vart send heim med gips.

I dagevis ringde ho sjukehuset og masa om kor tid ho skulle bli operert. Kvar gong fekk ho til svar at kapasitet var for liten og at dei gjorde det dei kunne for å ta unna køen.

Ikkje før brotet var i ferd med å gro vart Bruvoll lagt på operasjonsbordet – ti dagar etter fallet. No står kvinna fram i Firda Tidend og seier det heile er meiningslaust.

Ikkje urimeleg lange

Bruvoll skal først ha sagt nei til å stå fram, men ein artikkel i VG fekk ho til å snu. I artikkelen kunne ein lese om korleis operasjonsteamet ved den ortopediske avdelinga ved sjukehuset på Nordfjordeid framleis går på jobb.

Dagane går med til strikking, prating og kaffidrikking. Dei einaste arbeidsoppgåvene er å vere i beredskap i tilfelle keisarsnitt og å utføre gynekologiske inngrep ein gong i veka.

Nyvald styreleiar i Helse Førde, Jorunn Ringstad, seier til VG at styret er klar over dette. Ho påpeiker samtidig at ventelistene for behandling ikkje er urimeleg lange.

– Dårleg planlegging

– Viss det ikkje er urimeleg lange køar når folk må gå nesten 14 dagar med ei brota hand, veit eg ikkje kva som er det, seier Bruvoll oppgitt til Firda Tidend.

Bruvoll meiner styreleiaren bagatelliserer situasjonen og seier til avisa at helseføretaket umogleg kan ha planlagt korleis dei skal handtere den auka pasientmengda.

– Dei må ha gløymt at ein pluss ein blir to. Tek ein bort noko, må ein auke kapasiteten ein annan stad, seier ho til avisa.

Konstituert kommunikasjonssjef, Hanne Alver Krum i Helse Førde, viser til at ventelistene ved ortopedien har blitt kortare gjennom heile 2011. Også etter at avdelinga i Eid vart borte.

NRK har prøvd å få kontakt med styreleiar Jorunn Ringstad, men har førebels ikkje lukkast.