Hopp til innhold

Vil la advokatar sjå på fødenedlegging

Ordførar i Vågsøy Roger B. Silden vil at juristar skal sjå på om avgjerda om å legge ned fødeavdelinga er gjort på sviktande grunnlag.

Roger B. Silden, Edvin Haugen, Sonja Edvardsen, Anders Ryssdal og Gunn Helgesen

MØTE: Nordfjordrådet var i dag samla for å diskutere nedlegginga av fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus. Frå venstre: Roger B. Silden (Vågøsy), Edvin Haugen (Hornindal), Sonja Edvardsen (Eid), Anders Ryssdal (Gloppen) og Gunn Helgesen (Selje.)

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Nordfjordrådet har i dag site i møte og nektar å godta avgjerda til regjeringa. Silden hevdar regjeringa har hoppa bukk over fleire av dei viktigaste argumenta.

– Dei store avstandane som vi har framheva i vår argumentasjon i fleire år, har ikkje nådd fram til ministeren. Ein snakkar om at det skal vere ei fødeavdeling på Nordfjordeid til Kvivsvegen opnar i 2012, men det har ingen ting å seie for avstandane frå ytre Nordfjord, seier Silden til NRK.no.

Regjeringa har bestemt at fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus skal leggjast under Volda sjukehus. Som erstatning til fødeavdelinga, får sjukehuset på Nordfjordeid ei jordmorstyrt fødestove.

Ordførarane i Nordfjord er fortvila og rasande, og nektar å godta sjukehusavgjerda til regjeringa.

Leiar i Nordfjordrådet og ordførar i Selje, Gunn Helgesen (KrF), seier dei vil halde fram kampen for sjukehuset.

– Det er sagt at dei faglege argumenta veger tungt, men det kan vi ikkje fatte og forstå. Vi kjem til å gje ei melding til departementet. Vi kjem ikkje til å godta vedtaket. Mykje er bygt på, for å seie det litt sterkt, sjølvdaudande alternativ for innbyggjarane i Nordfjord, seier Helgesen.

Nordfjord sjukehus

GODTEK IKKJE NEDLEGGING: Ordførarane i Nordfjord godtek ikkje nedlegging av fødeavdelinga på Nordfjord sjukehus.

Foto: Ottar Starheim / NRK