Lepsøyrevet er svært grunt. På det grunnaste er leia 5-6 meter djup. Då «Kong Harald» grunnstøytte var det fjøre sjø, og minimal klaring mellom skipet og botnen. Skipet kom litt ut av leia i samband med ein unnamanøver, og tok i grunnen.
Kong Harald blei liggande ved kai i Molde etter grunnstøytinga. Hurtigruta fekk hol i skroget.
Foto: Joachim Constantin Høyer / NRKJan Arne Midtsæter er prosjektleiar for mineleitinga.
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRKVegard Skeide styrer undervassutstyret som blir brukt i leitinga.
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRKTerje Midsund i Kystverket.
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRKUnder andre verdskrigen blei leia minelagt. Truleg ligg der også bomber frå krigen. Før leia kan gjerast djupare må alle desse sprenglegema lokaliserast.
– Det er miner der nede. Men det tek mykje tid å lokalisere dei. Det er eit tålmodigheitsarbeid, seier prosjektleiar Jan Arne Midtsæter.
Arbeidet går no føre seg med undervassradar og metalldetektor. Kvar einaste meter av Lepsøyrevet skal sjekkast for miner frå krigen.
– Her på denne skjermen ser vi ut slaga. Då set vi ned ein markør, og skriv på lengde og breiddegrad. Så kan vi gå ned og skjekke seinare, fortel Vegard Skeide.
– Har de funne noko?
– Det veit vi ikkje heilt enno. Vi har fått utslag på metall. Det kan vere skrap og skrot. Men det er umogleg å seie før vi går ned og ser, seier Skeide.
I neste fase skal dei ned med fjernstyrt undervassbåt med kamera. Når sprenglegema er lokaliserte og eventuelt fjerna, kan gravearbeidet ta til. Der djupna i dag er 5 - 6 meter, skal det om ei stund bli dobbelt så djupt.
– Leia ser brei og fin ut. Men det er grunt der. Det er eit krav som har vore der i lang tid at det måtte utbetringar til, seier Terje Midsund, senioringeniør i Kystverket.
Og alt no har Kystverket funne gjenstandar som kan vere miner eller bomber. Men førebels har dei berre sett dei på radarbilete.
– På skjermen har vi sett objekt som er eit par meter lange, sylindriske og cirka 40 - 50 centimeter i diameter. Det stemmer veldig bra med det vi skal leite etter. Er det miner her, så finn vi dei, fastslår Jan Arne Midtsæter.