Hopp til innhold

Kritisk til Høgsterettsavgjerda, fryktar masseutsending i jula

– Innvandringspolitiske omsyn går framfor borna sitt beste. Det seier biskop i Møre, Ingeborg Midttømme, etter at Høgsterett i dag har avvist ankane til to barnefamiliar som er utvist av landet.

Biskop Ingeborg Midttømme

Biskop Ingeborg Midttømme meiner innvandringspolitiske omsyn går framfor borna sitt beste.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Biskopen fryktar at fleire barnefamiliar med asylborn kan bli utsendt med det aller første, altså i romjula.

– Det er ein trist dag, fordi Høgsterett no har slått fast at innvandringspolitisk omsyn faktisk skal vege så tungt, meiner Midttømme.

– Meiner du jussen ikkje tek omsyn til barnet sitt beste?

– Jussen seier det er til barnet sitt beste å vere saman med foreldra, og at barn som har opphav i eit anna land vil ha det godt med foreldra der. Det skal eg ikkje nekte for.

– Det eg mislikar sterkt er at barn som er fødde og oppvaksne i Noreg, med heile barndommen her, no må bere kostnadene med å bli sendt ut av landet når dei reelt sett ikkje har tilknyting til noko anna land enn Noreg, seier ein opprømt biskop.

Trur saka set presedens

Ho meiner ein i framtida må satse på at born, fødde og oppvaksne i Noreg, ikkje blir sendt ut slik som i sakene vi såg i dag.

– Behandlingstida i slike saker må ned. Men likevel meiner eg dei som har vore her lenge, og ikkje kjenner noko anna, må få bli.

– Trur du saka i dag skaper ein presedens, slik at mange av borna som er her, og har vore her i mange år, blir sendt ut?

– Ja, det reknar eg med. For når Høgsterett har avsagt si kjenning, så er det berre den europeiske Menneskerettsdomstolen som kan seie noko anna, seier Midttømme til NRK.no.

– Og det er ikkje grunnlag for at familiar får bli i eit land medan saka blir behandla der. Så no er det nok mange fryktar for framtida, og som ikkje veit korleis dei skal gå desse juledagane i møte.

Saka held fram under bildet.

Verona Delic (9) og Mahdi Shabazi (8)

Verona Delic (9) og Mahdi Shabazi (8) er to barn som no blir sendt ut av landet i juletida.

Foto: Anne Lognvik og Knut Skyllingstad / NRK

Stussar over julejobbing

Biskop Midttømme er klar på at ho trur mange vil bli sendt ut i løpet av jula og tidleg på nyåret.

– På tysdag forsøkte eg å få regjeringa til å gi alle barnefamiliar og barn som er asylsøkjarar i Noreg eit juleamnesti. Det ville dei ikkje gjere.

– Tvert imot heldt Pål Lønseth (journ. anm. statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet) fast den returplikta dei har. Han hevda også at utlendingseininga sjølvsagt jobba i jula og romjula. Det er eit signal som eg ønskjer at ikkje blei gjeve.

Midttømme meiner ei reell avrunding av ein barndom i Noreg blir svært viktig, når situasjonen er som den er.

Vil ikkje gjenoppleve sommaren

– Det er viktig, av omsyn til barnet sitt beste, at heile deira barndom blir avrunda på ein god måte. Slik at vi ikkje opplever det vi opplevde i sommar.

Saka ho pratar om er den vesle jenta som stakk av då politiet banka på døra.

– Ho hoppa ut av vindauget og rømte. Ho er framleis borte, far er uttransportert av landet, medan mor og småsøsken er her. Det å splitte ein familie, og at eit barn stikk av i rein desperasjon, det er ikkje til barna eller nokon andre sitt beste, avsluttar biskop Ingeborg Midttømme.