Olje- og energidepartementet stadfestar no at
.- Les og:
- Les og:
Leiar i Hordaland Arbeidarparti, Sveinung Valle, er glad for at regjeringa no har konkludert i saka.
– No er avgjerda tatt, og det er eg glad for. Denne saka har versert lenge nok. Hordaland Arbeidarparti er glade for at dette ikkje trekkjer lengre ut i tid, seier Valle.
Ap-ordførar skuffa over Ap
Jan Ivar Rødland har fått svekka motivasjonen for å driva politisk arbeid.
Foto: Aas, Erlend / ScanpixMen Ap-ordførar i Granvin, Jan Ivar Rødland, er skuffa over eige parti og meiner regjeringa ikkje har tatt omsyn til rapportane frå utvala.
– Eg er veldig skuffa over at dei ikkje tok inn over seg dei nye kunnskapane frå ekspert-rapportane. Men eg har opplevd at det har vore eit styrt spel, seier Rødland.
– Er det nokon vits i å kjempa vidare no, eller er slaget heilt tapt?
– Du har eit poeng. Vi må tenkja oss om, seier Rødland.
Rødland tar ikkje gjenvalg, og syns det kan vera like greit slik som det no er blitt.
– Motivasjonen til å driva politisk arbeid er kraftig svekka, seier Ap-ordføraren.
– Forstår det ikkje
– Eg syns dette er veldig leit. Eg forstår egentlig ikkje at dei vil gjera det, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg (KrF) til NRK.
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg i Hordaland er skuffa over avgjerda i mastesaka.
Foto: Ketil Jordan / NRKHo meiner det har lege i korta heile tida at dette ville bli resultatet, og at det virkar som om dei fire ekspertutvala var eit spel for galleriet.
Ekspertutvala leverte
1. februar i år.– Rapportane viser at forsyningssituasjonen ikkje er så alvorleg og at sjøkablar er muleg. Dette er ikkje nokon god dag, verken for Hardanger eller Hordaland, seier fylkesordføraren.
– Ikkje overraska
– Eg er ikkje overraska. Eg hadde rekna med at regjeringa skulle banka gjennom dette, seier styreleiar Klaus Rasmussen i Bevar Hardanger.
Han er skuffa, sjølv om resultatet var venta.
– Dette handlar om storpolitikk og prestisje for regjeringa, seier Rasmussen.
Rasmussen er usikker på om det er noko poeng å kjempa vidare, men seier dette er noko dei vil ta ei vurdering på.
- Eit hån mot Vestlandet
Bevar Hardanger aksjonerte då byggearbeidet starta på første del av kraftlinja på Kvamskogen.
Foto: Hommedal, Marit / ScanpixBevar Hardanger har kjempa mot kraftlinene i fleire år.
– Først og fremst er dette ein trist dag. Det er ein hån mot Vestlandet når ein no sel ut Hardanger-naturen for kortsiktig profitt for oljeindustrien, seier dagleg leiar i organisasjonen, Audun Klyve Gulbrandsen.
Klyve Gulbrandsen meiner at regjeringa har sett fullstendig vekk frå konklusjonane til dei fire ekspertutvala som vart sett ned av regjeringa sjølv.
– Vi har jobba veldig hardt for å få belyst alternativa, men vedtaket i dag viser at det ikkje har blitt tatt omsyn til rapportane våre i det heile tatt.