Hopp til innhold

- Oljefondet kan stogge finanskrisa

Det norske oljefondet, som er eitt av dei største fonda i verda, kan dempe ei økonomisk krise, meiner finansminister Kristin Halvorsen.

Kristin Halvorsen
Foto: Cornelius Poppe / SCANPIX

- Vi er no i ein situasjon der veldig mange treng desse pengane. Fondet kan derfor vere med å bremse ein nedgang, seier Halvorsen.

Møter finansfiffen

SV-statsråden er i Davos for å fortelje finanseliten om fondet som har aksjar i selskap over heile verda.

– Vi blir drege fram som eit eksempel på korleis eit nasjonalt investeringsfond skal gjere det, seier Halvorsen etter dei fyrste møta i Verdens økonomiske forum.

Interessa rundt oljefondet, eller Pensjonsfondet Utland, er stor i Davos. Noreg er ein liten eigar i rundt 7 000 selskap verda over og har sterke etiske krav til korleis fondet skal drivast.

– Vi eig ikkje meir enn halvannan prosent i noko selskap, og har reglar som seier at vi ikkje skal eige meir enn 5 prosent, seier Halvorsen.

Kopierar Noreg

No er andre land interessert i å kopiere den norske modellen.

Onsdag stadfesta den russiske finansministeren Aleksej Kudrin at det nasjonale investeringsfondet til russarane skal inn i aksjemarknaden med reglar som liknar dei norske.

- Russland er faktisk i ferd med å byggje eit pensjonsfond etter norsk modell. Dei har tenkt å gå inn i aksjar og fylgjer omtrent same reglar som Noreg har laga til pensjonsfondet, fortel Halvorsen.

Russarane plasserar 40 prosent av fondet i aksjar. Dei vil som Noreg ha ei grense på maks 5 prosent eigarskap i kvart selskap.

Deltek i debatt

Mange land er skeptisk til den stadig større tyngda fonda har i verdsmarknaden. Torsdag deltek Halvorsen i ein debatt om dette.

- Ingen trur at Noreg kjøper aksjar for å overta selskap. Det er viktig for oss at vi ikkje blir sausa saman med dei andre fonda, seier ho.

Halvorsen meiner frykta ligg meir på politisk nivå i dei enkelte landa enn i finansmarknaden.

– Dei seier ikkje nei takk til pengar, slår finansministeren fast.