Hopp til innhold

Kloster planlagt i 24 år, startar bygginga snart

Klosteret har vore under planlegging sidan 1991, og den 13. august skal grunnsteinen til klosteret på Syltefjellet i Norddal kommune leggast ned. Snart startar også bygginga.

Snart oppstart for klosterbygging

SNART I GANG: Kartoppmåling med geolog Johann Heim (høgre) har blitt gjort. Før bygginga av klosteret kan starte må finansieringa på plass, og stien til tomta blir bygd med dugnadsarbeid.

Foto: Privat

Irenaea Gillebo

POSITIV: Styreleiar for det ortodokse klosteret, Irenaea Gillebo, er positiv til at bygginga av det nye klosteret snart er i gang.

Foto: Svein Brimi

– Me vil komme i gang så fort som mogeleg, men det er ein del førebuingar som må til, seier styreleiar for det ortodokse klosteret, Abbedisse Thavoria, Irenaea Gillebo.

Sidan i fjor har ho og dei andre i landets første ortodokse kloster halde til i eit heilt vanleg rom i den tomme prestegarden i Norddal.

Klosteret har vore planlagt i rundt 24 år, og den siste tida har eit detaljert kart over området blitt laga. Kartet er sendt til ein arkitekt i Georgia, men framleis manglar finansieringa av bygginga.

– Me håpar på støtte og på hjelp frå forskjellige hald, seier Gillebo.

LES OGSÅ: Her er landets første ortodokse nonnekloster

Mykje att

Sjølv om grunnsteinen til klosteret skal leggast ned den 13. august i år, så er byggestarten lenger fram i tid.

Teknisk sjef i Norddal kommune, Einar Lied, seier at det framleis er mykje som må ordnast før klosteret kan byggast.

– I arealplanen er det ikkje vist noko om korleis ein skal komme fram til tomta, så difor har me sagt at dei må lage ein reguleringsplan, slik at ein får avklart kvar ein veg skal gå, seier Lied.

– I ein slik prosess vil ein også få ein meir detaljert plan om korleis klosteret skal utformast. Når reguleringsplanen er vedtatt må det sendast inn ein søknad om løyve tiltak som viser teikningar og den slags, seier Lied.

LES OGSÅ: Slik kan det nye sunnmørske klosteret bli

LES OGSÅ: Gå i kloster i påska

Er optimistisk

Kartoppmåling med geolog Johann Heim

OPPMÅLING: Kartoppmåling med geolog Johann Heim har blitt gjort.

Foto: Privat

Den siste tida har ein geolog vore på tomta, og Gillebo seier det ikkje ser ut til å vera problem på tomta som kan påverke bygginga.

Sjølv om mykje må gjerast før byggearbeidet kan starte er Irenaea Gillebo likevel optimistisk.

– Det har skjedd mykje allereie det siste året, og me trur at tida er inne no for at alt skal gå litt fortare.

Alle me har med oss er positive og kommunen er positiv, seier ho

Håpar på finansiering

Lagar trapp og sti til klosteret

GANGVEG: Før klosterbygginga kjem i gang blir det bygd veg på veg til klosteret.

Foto: Privat

Kommunen har gitt eit lokale på Fjordhagen i Valldal der klosteret kan informere om bygginga, og klosteret er no i gang med å bygge ein gangveg med tretrapper ned til tomta.

Det har dei gjort ved hjelp frå munkane på Seljeklosteret, frå klosteret i Hellas, og frå tilreisande frå Georgia.

– Me er veldig opne for å få meir hjelp, for dette går litt på dugnad. Viss nokon har lyst til å vera med, så er dei hjarteleg velkomen til det, seier Gillebo.

Finansieringa av sjølve klosterbygginga håpar ho snart kjem på plass.

– Eg trur det er noko som Gud vil, at klosteret skal byggast, og at Gud vil opne vegar til finansieringa, seier ho.

Irenaea Gillebo

HÅPAR: Irenaea Gillebo håpar finansieringa av klosteret kjem på plass. I mellomtida vert gangstien til klostertomta bygd.

Foto: Privat