Her er landets første ortodokse nonnekloster

I den tomme prestegarden i Norddal har tre nonner og ein prest starta kloster.

Landets første ortodokse nonnekloster er starta på prestegarden i Norddal.

Fire gongar om dagen er det bønestunder og gudsteneste i klosteret.

Kloster i Norddal

I dag er det berre kapellan Dionysios, abbedisse Thavoria, nonne Evgenia og abbedisse Aemililiani som bur i klosteret. Fleire vil kome etter kvart.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Ingen annan lyd enn fuglesong og brusinga av ein foss er å høyre utanfor prestegarden i Norddal på Sunnmøre. Brått vert stillheita broten av ei høg bjølle. Det er nonne Evgenia som kallar inn til liturgi ein halvtime før det startar. Deretter går ho tre rundar rundt huset medan ho trommar på ein treplanke som dei kallar talando. Dette skal symbolisere då Noa kalla alle menneske og dyr til arken.

– Vi har ein guddommeleg liturgi kvar morgon og tre bønnestunder utover dagen. Desse er opne for kven som helst, fortel abbedisse Thavoria. Ho er overhovud for nonneklosteret som er kalla Klosteret av de heilage Kong Olav og Profet Elias.

Thavoria kjem opphavleg frå Sjøholt på Sunnmøre, men har budd i kloster i Hellas i over 20 år.

Kloster i Norddal

Abbedisse Aemiliania frå USA viser korleis dei kallar inn til gudsteneste med å tromme på treplanken.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Første i landet

For nokre veker sidan kom Thavoria tilbake til heimlandet saman med to nonner og ein kapellan. Dei har starta landets første ortodokse nonnekloster, grunnlagt av patriarken i Georgia.

Eit heilt vanleg rom i prestegarden med brunstripa tapet frå 80-talet har blitt omgjort til kapell. Ved eine langveggen står eit alter og det heng ulike ikon på veggane. Ved alteret står fader Dionysios og les tekstar på både gresk og norsk. Dei tre nonnene utgjer eit kor og syng tonar som er framande for norske kyrkjegjengarar. Rommet vert etter kvart fylt av røykelse som presten kastar ut i rommet. Nonnene ber for folket, for landet og for klosteret.

LES OGSÅ:

Kloster i Norddal

Nonnene i klosteret kallar Anne Marie Nystad for besta. Dei har fått eit godt forhold på den korte tida.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Kjempa mot sjøorm

Grunnen til at klosteret hamna nettopp i Norddal går tilbake til 1991, då dei første planane om å byggje kloster på Syltefjellet vart lansert. Historia fortel at Heilag-Olav segla inn mot Sylte i Valldal i 1029 og møtte ein diger sjøorm som angreip kongeskipet. Helgenkongen vann over ormen i eit basketak og kasta han så hardt opp i fjellveggen med ei åre at merket er synleg den dag i dag.

Framleis har det ikkje blitt noko av klosteret på fjellet. I staden fungerer den romslege prestegarden som kloster, og det er venta at mange fleire nonner kjem hit. Vert soveromma fulle, vil nonnene bu to og tre på rommet.

Kloster i Norddal

Nonne Evgenia frå Russland lukar åkeren for ugras, før ho set poteter.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Avhengige av bygda

Då dei kom flyttande i vår var huset tomt for møblar og utstyr. Men bygdefolket har samla inn alt som trengst, og no har nonnene alt frå vaskemaskin til komfyr og sofaer.

– No er det nesten overfylt her. Det er nesten så eg ikkje kan tru at det kunne gå så fort, seier Thavoria.

Like før liturgien er slutt, kjem fleire gode naboar og set seg ned for å sjå på. Ei av dei er Susanne Moen Ouff. Ho har med seg to ripsbusker, som nonnene får plante i hagen. Andre har med seg heimebaka rundstykke og syltetøy.

– Å få eit kloster hit er kjempespanande. Det er ein heilt annan livsstil enn vi er vande med. Vi får utvida horisonten mot ei verd vi ikkje kjenner, seier Moen Ouff.

Abbedisse Thavoria seier at bygdefolket betyr veldig mykje for klosteret. Nonnene vil vere ein del av samfunnet.

– Mange synest kanskje det er vanskeleg å komme inn fordi dei ikkje veit om det er ope, men hit kan alle komme og be, seier Thavoria.

Kloster i Norddal

Bygdefolket er viktig for klosteret. Når dei kjem med heimebaka rundstykke vert det kaffiselskap i stova.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Dyrkar grønsaker

Etter bønestunda skiftar Evgenia om til arbeidsklede. Ho skal klargjere åkeren slik at dei kan sette poteter. Ein hjelpsam bonde har vore her med traktoren og pløgd. Klimaet i Norddal er heilt annleis enn dei er vande med frå Hellas og det er ikkje like lett å dyrke nok mat til å vere sjølvberga. No prøver dei seg fram med grønsaker og bær.

– Eg likar meg godt. Det er veldig fin natur her, seier Evgenia. Ho er frå Russland og held på å lære seg norsk. Dei andre pratar engelsk, i tillegg til gresk.

På arbeidsrommet viser kapellanen fram korleis han lagar sølvsmykker med gamle teknikkar frå heimlandet Georgia. Han tovar også bilete, som skal førestille Syltefjellet.

– Vi har ikkje kome i gong skikkeleg, men planen er at vi skal lage ting som vi kan selje. Det er slik kloster over heile verda tener til livets opphald, seier Thavoria. Det kan vere alt ifrå røykelse til bønnereimer, ikoner, såper og lys.

Nonnene kallar ho besta

Ei av dei som har vore hyppig på besøk etter at nonnene kom til bygda er Anne Marie Nystad. Ho har hatt eit nært forhold til prestegarden heile livet. Då stiftinga som eig prestegarden annonserte at huset var ledig og at dei ynskte leigetakarar, hadde ho aldri sett for seg at det var nonner som skulle flytte inn.

– Eg hadde sett for meg ein barnefamilie eller nokon som kunne tenkje seg å bu her ei stund, seier Anne Marie Nystad og ler.

Ho har eit godt tak i Thavoria, som ho har rukke å få eit nært forhold til. Nonnene kallar henne berre for besta eller bestebesta.

– Vi har møtt så mange fine folk i bygda og føler at dei ynskjer at klosteret skal vere her, seier Thavoria. Med å kome til Norddal trur ho at nonnene er eit steg nærare å få realisert eit kloster på Syltefjellet.